Deep Purple av Deep Purple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deep Purple
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 21. juni 1969 (USA)
November 1969 (UK)
Innspelt januar - mars 1969 ved De Lane Lea i London
Sjanger Hardrock, progressiv rock, bluesrock, psykedelisk rock[1]
Lengd 44:34
Selskap Harvest Records (UK)
Tetragrammaton (US)
Polydor (Canada)
Produsent Derek Lawrence
Kritikk
Deep Purple-kronologi
The Book of Taliesyn
(1968)
Deep Purple Deep Purple in Rock
(1970)


Deep Purple, stundom òg kalla Deep Purple III, er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple. Det kom ut i 1969 på Harvest Records i Storbritannia og Tetragrammaton i USA. Det var det siste albumet til bandet med den originale besetninga.

Albumet kom ut på ei tid då bandet hadde byrja å vokse som artistar, både på konsert og i studio, og fann den musikalske retninga si. Det vart nokre konfliktar om bandet skulle halde fram i ein røffare, tyngre retning. Dette skapte til strid, og var delvis årsaka til at to av medlemmane, Nick Simper (bass) og Rod Evans (vokal), vart erstatta. Kommersielt var albumet det minst suksessrike av dei tre Mark I-albuma.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple hadde byrja å turnere i USA seint i 1968 for å marknadsføre det andre albumet sitt, The Book of Taliesyn. Dei to singlane dei hadde gjeve ut så langt hadde gått umerka hen i Storbritannia der dei vendte attende den 3. januar 1969. Det engelske selskapet deira EMI pressa bandet for å få spelt inn ein suksessrik singel på heimebane, så det vart ikkje lange tida dei fekk fri. «Kentucky Woman» og den førre singelen «Hush» hadde vorte hittar i USA og Canada. Bandet hadde no starta å kome med meir solide songar dei hadde skrivne sjølv, og ønskte å sleppe laus det fulle potensialet i kvar song. Dette betydde at songane gjerne vart lengre enn singelformat. Dei kunne derimot ikkje gje ut eit nytt album utan ein singel til å marknadsføre det.

Bandet prøvde å spele inn ein singel som høgde inn med singelformatet i desember, medan dei var i Amerika, men det vart ikkje noko av og dei gav til slutt opp. Etter dei kom attende til England, gjekk dei i studio tidleg i 1969, og det nye singelforslaget , «Emmaretta», var ferdig den 7. januar. Songen var meint som ei B-side. Dei trong ei A-side og etter litt eksperimentering kom dei med «The Bird Has Flown». Dette var ein meir progressiv og komplisert song enn «Emmaretta» og innspelinga var ferdig den 7. januar. Etter eit kort besøk i studio, drog bandet ut på turné i Storbritannia i februar og mars. «Wring That Neck» frå det førre albumet deira, som ikkje enno hadde kome ut i Storbritannia, vart gjeven ut der som B-sida til «Emmaretta» for å marknadsføre bandet på turné.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I løpet av denne to månader lange turneen, fekk bandet òg tid til å vere i De Lane Lea Studio i London. Desse songane var nye, men bandet valte å spele inn «The Bird Has Flown», på ny, som alt hadde vorte gjeven ut med «Emmaretta». Dei korta òg ned tittelen til to «Bird Has Flown». Den nye versjonen var ferdig 18. mars. Andre songar på albumet vart spelte inn over lengre periodar i februar og mars.

Etter kvart nådde ryktet om suksessen til Deep Purple i Amerika heimlandet, og ryktet deira auka. Musikkmagasin byrja å skrive om dei, og dei vart langt betre kjend for folk i løpet av desse to månadane.

Marknadsføring i Amerika[endre | endre wikiteksten]

«Emmaretta» var ein kommersiell song som ikkje representerte det bandet elles gjorde særleg godt. Singelen gjorde det derimot igjen ikkje særleg godt i Storbritannia. Seint i mars hadde bandet spelt inn det nye albumet, som ikkje enno hadde fått noko namn. Tidleg i april 1969 reiste Deep Purple attende til Amerika for ein ny turné.

Då dei kom fram fann dei ut at det nordamerikanske selskapet deira, Tetragrammaton, ikkje enno hadde trykt det no ferdige albumet. I tillegg byrja selskapet å slite økonomisk og dei låg an til å gå konkurs. I eit forsøk på å redde situasjonen gav Tetragrammaton ut «Emmaretta» som ein ny singel, med den tidlege versjonen av «Bird Has Flown» som B-side. Singelen selde dårleg og nådde ikkje lista i USA. Sjølv om singlane deira no selde dårleg hadde dei godt rykte på seg som konsertband, der både Blackmore og Lord fekk vise fram talenta sine.

Bandet byrja derimot no å krangle om retninga til bandet. Etter at Led Zeppelin hadde gjeve ut det tunge debutalbumet sitt tidleg i 1969, ønskte Lord og Blackmore òg å skape ein skarpare, røffare og tyngre stil. Men dei følte at songaren Rod Evans, med den tynne, glatte stemma, ikkje ville takle meir høglydt og aggressive songar. Gnissingane var òg store med bassist Nick Simper, som ikkje ønskte å gå i den tyngre retninga. Det var i mai, under den pågåande amerikanske turneen, at Lord og Blackmore, bestemte seg for å byte dei ut. Trommeslagar Ian Paice hadde derimot ein fast plass i bandet og gjekk med på endringane.

Utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Manager John Colleta vart overraska då han høyrde meldinga frå dei tre endringane i bandet, og råda dei til å halde det skjult til turneen var over og dei hadde kome attende til England. Då dei kom heim tidleg i juni fekk bandet melding frå det amerikanske selskapet om at albumet omsider var klart for å utgjeving. Songane på dette albumet hadde som på dei to førre òg ein psykedelisk rock-stil, særleg på «Bird has Flown», og ei progressiv rock-kjensle på randa til klassisk musikk, som på den lange introduksjonen til det 12 minuttar lange avslutningssporet «April», den lengste studioinnspelinga til Deep Purple. Songane var generelt tyngre og mindre skjøre, og stilen var meir lik slik dei spelte på konsertane sine på denne tida.

Albumet inneheldt òg fleire originale songar, seks i alt, som var meir enn på dei to første albuma. Den einaste coverversjonen på albumet er «Lalena», som opphavleg vart skriven og spelt av Donovan. Deep Purple, som albumet vart heitande, kom ut 21. juni i USA. Derek Lawrence var igjen produsent.

Albumet gjorde det heller dårleg i Amerika og kom ikkje i nærleiken av å selje like mykje som dei førre albuma. Det nådde 162. plass i USA. Dette kom delvis av dei økonomiske problema til Tetragrammaton, som ikkje hadde pengar til marknadsføring. At dei ikkje hadde ein hitsingel hjelpte heller ikkje.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Chasing Shadows»  Jon Lord, Ian Paice 5:34
2. «Blind»  Lord 5:26
3. «Lalena»  Donovan Leitch 5:05
4. «Fault Line»
«The Painter»  
Ritchie Blackmore, Nick Simper, Lord, Paice
Rod Evans, Blackmore, Simper, Lord, Paice
5:38

Side to[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «Why Didn't Rosemary?»  Evans, Blackmore, Simper, Lord, Paice 5:04
6. «Bird Has Flown»  Evans, Blackmore, Lord 5:36
7. «April»  Blackmore, Lord 12:10

Bonusspor på CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «The Bird Has Flown» (b-side-versjon)Evans, Blackmore, Lord 2:54
10. «Emmaretta» (singel)Evans, Blackmore, Lord 3:00
11. «Emmaretta» (BBC radio; 16. januar 1969)Evans, Blackmore, Lord 3:09
12. «Lalena» (BBC radio; 6. juni 1969)Leitch 3:33
13. «The Painter» (BBC radio; 6. juni 1969)Evans, Blackmore, Simper, Lord, Paice 2:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]