Deep Purple in Concert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deep Purple in Concert
Konsertalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve desember 1980 (UK)
juni 1982 (US)
Innspelt 19. februar 1970 &
9. mars 1972
Sjanger Hardrock
progressiv rock
heavy metal
Lengd 117:00 (Original 2LP)
130:25 (1992 2CD)
Selskap Harvest Records (UK)
Spitfire Records (US)
Produsent Jeff Griffin (1970)
Pete Dauncey (1972)
Deep Purple-kronologi 
Last Concert in Japan
(1977)
Deep Purple in Concert Live in London
(1982)


Deep Purple in Concert er eit konsertalbum av det engelske hardrockbandet Deep Purple av to konsertar spelt inn av BBC for konsertserien deira «In Concert», i 1970 og 1972. Albumet kom først i 1980 i Storbritannia. I 2004 vart albumet gjeven ut på SACD som «Live On The BBC».

Den første plata inneheld konsertopptak frå BBC Studios i London den 19. februar 1970. Bandet steppa inn i siste augneblink for Joe Cocker, som måtte avlyse. DJ John Peel introduserte songane etter kvart som dei spelte dei. Den andre plata er ein konsert frå 9. mars 1972, denne gongen med Mike Harding som DJ. Den sistnemnde innspelinga inneheld den einaste kjende konsertinnspelinga av «Never Before» (som var ein singel på den tida) og ein sjeldan Mark II-versjon av «Maybe I'm a Leo». Desse to songane vart spelt i staden for den vanlege «Child in Time» for å marknadsføre det komande albumet Machine Head, som kom ut i slutten av månaden (mars 1972).

«Smoke on the Water» (den første konsertframføringa nokon gong) og «Maybe I'm a Leo» vart ikkje med på den originale vinylutgåva i 1980, men vart gjeven ut som singel.

Lengdene som står oppført på mange av spora på 2001-utgåva er feil.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk ein: 1970[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, bortsett frå der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Speed King» 7:22
2.«Child in Time» 11:06
3.«Wring That Neck»Blackmore, Lord, Paice, Nick Simper18:59
4.«Mandrake Root»Blackmore, Rod Evans, Lord17:38

Disk to: 1972[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Highway Star» 8:32
2.«Strange Kind of Woman» 9:17
3.«Maybe I'm a Leo» 6:17
4.«Never Before» 4:34
5.«Lazy» 10:22
6.«Space Truckin'» 21:46
7.«Smoke on the Water» 7:09
8.«Lucille»Albert Collins, Richard Penniman7:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]