Defenders of the Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Defenders of the Faith
Studioalbum av Judas Priest
Utgjeve 4. januar 1984
Innspelt September–november 1983
Studio Ibiza Sound Studios i Ibiza i Spania
Sjanger Heavy metal, speed metal
Lengd 39:43
Selskap Columbia
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi
Screaming for Vengeance
(1982)
Defenders of the Faith Turbo
(1986)
Singlar frå Defenders of the Faith
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Blabbermouth.net10/10 (30th Ann.)[2]
Blogcriticspositiv (30th Ann.)[3]
PopMatters7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg (30th Ann.)[4]
Martin Popoff8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg (30th Ann.)[6]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Sputnikmusic4.0/5[8]

Defenders of the Faith er det niande studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Tre songar frå albumet vart gjevne ut som singlar: «Freewheel Burning», «Some Heads Are Gonna Roll» og «Love Bites». Albumet selde til platinaplate i USA.[9]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Defenders of the Faith vart spelt inn i Ibiza Sound Studios på Ibiza i Spania, og miksa frå september til november 1983 i DB Recording Studios og Bayshore Recording Studios i Coconut Grove i Miami. LP- og kassettutgåva av albumet kom ut 4. januar 1984, medan CD-utgåva kom i juli. Ein nymastra CD-versjon kom i mai 2001. Samstunde med at albumet kom ut la bandet ut på turné i Europa, medan dei fleste konsertane vart haldne i Nord-Amerika på våren og sommaren.

Stilmessig er Defenders of the Faith i same gata som føregjengaren og inneheld ei blanding av korte, kjappe metal-songar med allsongvenlege refreng. Ein finn likevel somme progressive element på songar som «The Sentinel».

Albumet vart raskt ein stor suksess og nådde berre ein plass lågare på den amerikanske Billboard-lista enn Screaming for Vengeance og markerte toppen av den kommersielle suksessen til Judas Priest. Somme kritikarar har hevda at albumet manglar singlar som står ut, som «Breaking the Law» eller «You've Got Another Thing Comin', og at albumet elles liknar på Screaming for Vengeance.

30-årsjubileumsutgåva av albumet (kom ut i mars 2015) kom med ein dobbel CD av ein konsert frå 5. mai 1984 i Long Beach Arena i Long Beach i California under Defenders of the Faith-turneen. Konserten vart opphavleg send på radio.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av Doug Johnson (som òg laga omslaget til Screaming for Vengeance) og syner ein Metallian, ein tiger-liknande skapning med vêr-horn og maskingevær.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

«Eat Me Alive» vart plassert på tredjeplassen på lista til Parents Music Resource Center kalla «Filthy Fifteen», ei liste over 15 songar som organisasjonen meinte var met støytande.[10] Tipper Gore frå PMRC sa at songen handla om tvungen oralsex.[11] Som svar på skuldingane spelte Priest inn songen «Parental Guidance» på det neste albumet, Turbo.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

På turneen for albumet spelte bandet alle songane live, med unntak av «Eat Me Alive».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Freewheel Burning»   4:22
2. «Jawbreaker»   3:25
3. «Rock Hard Ride Free»   5:34
4. «The Sentinel»   5:04
Side to
# Tittel Lengd
5. «Love Bites»   4:47
6. «Eat Me Alive»   3:34
7. «Some Heads Are Gonna Roll» (Robert Halligan jr..) 4:05
8. «Night Comes Down»   3:58
9. «Heavy Duty»   2:25
10. «Defenders of the Faith»   1:30
Bonusspor frå 2001-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Turn On Your Light» (Spelt inn i 1985 under Turbo-innspelinga) 5:23
12. «Heavy Duty/Defenders of the Faith» (Live i Long Beach Arena i Long Beach i California; 5. mai 1984) 5:26

Bonuskonsert med 30-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der andre nemnde. 

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Love Bites»   5:16
2. «Jawbreaker»   3:57
3. «Grinder»   4:30
4. «Metal Gods»   4:20
5. «Breaking the Law»   2:57
6. «Sinner»   8:11
7. «Desert Plains»   5:04
8. «Some Heads Are Gonna Roll» (Bob Halligan Jr) 4:30
9. «The Sentinel»   6:07
10. «Rock Hard Ride Free»   6:04
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Night Comes Down»   4:28
2. «The Hellion»   0:39
3. «Electric Eye»   3:33
4. «Heavy Duty»   2:33
5. «Defenders of the Faith»   2:37
6. «Freewheel Burning»   4:39
7. «Victim of Changes» (Al Atkins, Downing, Halford, Tipton) 9:43
8. «The Green Manalishi» (Peter Green) 5:46
9. «Living After Midnight»   4:50
10. «Hell Bent For Leather» (Tipton) 5:55
11. «You've Got Another Thing Comin'»   8:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av Tom Allom
  • Lydteknikar: Mark Dodson, assistert av Christian Eser, Bruce Hensal, David Roeder, Ben King og Buddy Thornton
  • Plateomslag av Doug Johnson, basert på eit konsept av Judas Priest

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1984–2015) Plassering
Australian Albums (ARIA)[12] 90
Austerrikske album (Ö3 Austria)[13] 51
Belgiske album (Ultratop Flandern)[14] 85
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[15] 138
Nederlandske album (MegaCharts)[16] 27
Finske album (Suomen virallinen lista)[17] 46
Franske album (SNEP)[18] 142
Tyske album (Media Control)[19] 21
Norske album (VG-lista)[20] 17
Svenske album (Sverigetopplistan)[21] 2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[22] 12
Britiske album (OCC)[23] 19
US Billboard 200[24] 18

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1988 Platina (+ 1 000 000)[9]
Canada CRIA 1985 Platina (+ 100 000)[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Defenders of the Faith review». AllMusic. 
  2. Van Horn jr., Ray. «Hudas Priest - «Defenders of the Faith Special 30th Anniversary Deluxe Edition»». Blabbermouth.net. Henta 19. september 2016. 
  3. Doherty, Charlie (16 March 2015). «Music Review: Judas Priest – 'Defenders of the Faith' (Special 30th Anniversary Edition)». Blogcritics. Henta 19. september 2016. 
  4. Macek III, J. C. (15 April 2015). «Judas Priest - Defenders of the Faith: Special 30th Anniversary Deluxe Edition». PopMatters. Henta 19. september 2016. 
  5. Popoff, Martin (1 November 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  6. Patterson, Dayal (March 2015). «Judas Priest - Defenders Of The Faith: 30th Anniversary Edition». Record Collector (438). Henta 19. september 2016. 
  7. Connelly, Christopher (12 April 1984). «Album Reviews: Judas Priest - Defenders of the Faith». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 18 October 2007. Henta 24 June 2015. 
  8. Stagno, Mike (14 December 2006). «Judas Priest - Defenders of the Faith». Sputnikmusic. Henta 5 May 2012. 
  9. 9,0 9,1 «RIAA Searchable Database: search for Judas Priest». Recording Industry Association of America. Henta 19. september 2016. 
  10. Daniels, Neil (2010). The Story of Judas Priest: Defenders of the Faith. New York City, USA: Omnibus Press. s. 107–108. ISBN 978-1-84772-707-7. 
  11. Clifford-Napoleone, Amber R. (2015). Queerness in Heavy Metal Music: Metal Bent. New York City: Routledge. s. 132. ISBN 978-0415728317. Henta 19. september 2016. 
  12. Ryan, Gavin (21 March 2015). «ARIA Albums: Kendrick Lamar Soars, Madonna Stiffs». Noise11. Henta 21 March 2015. 
  13. "Judas Priest - Defenders of the Faith" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  14. "Judas Priest – Defenders of the Faith" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  15. "Judas Priest – Defenders of the Faith" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  16. "Judas Priest – Defenders of the Faith". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  17. "Judas Priest: Defenders of the Faith" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 21 March 2015.
  18. "Judas Priest – Defenders of the Faith". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  19. "Judas Priest - Defenders of the Faith". Charts.de. Media Control. Henta 21 March 2015.
  20. "Judas Priest – Defenders of the Faith". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  21. "Judas Priest – Defenders of the Faith". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  22. "Judas Priest – Defenders of the Faith". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 21 March 2015.
  23. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21 March 2015.
  24. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 21 March 2015.
  25. «Gold Platinum Search for Whitesnake». Music Canada. Henta 19. september 2016.