Degnepoll

Koordinatar: 61°55′37.042″N 5°8′40.888″E / 61.92695611°N 5.14469111°E / 61.92695611; 5.14469111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°55′37.042″N 5°8′40.888″E / 61.92695611°N 5.14469111°E / 61.92695611; 5.14469111

Fakta om Degnepoll
Kommune: Kinn
Fylke: Vestland
Folkemengd: 260 (2004)
Postnummer: 6718

Degnepoll er ei bygd i Kinn kommune i Vestland. Ho ligg på fastlandssida av Ulvesund. Bygda var fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1563. Det fyrste leddet degn er eit gamalt namn på ein kyrkjetenar eller kyrkjesongar. Det andre leddet poll er ei sort vik. Stavemåten har vore varierande og den korrekte i dag er Degnepoll. Andre variasjonar er Deknepoll, Deknepollen eller Degnepold. Mange uttalar namnet med /k/ i staden for /g/. Staden vert òg kalla Polljen.

Bygda har gjeve namn til poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt.

Degnepoll er òg eit etternamn med om lag 19 brukarar.

Alle desse variasjonane i namnet fører til stor forvirring om kva stavinga skal vere. Etternamnet og bygda skal skrivast Degnepoll og poststaden skal skrivast Deknepollen.

Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy.

Fiskeforedling har lenge vore hovudnæring i bygda. Brorparten av foredlinga i kommunen går no føre seg her. Ein ny konteinerterminal primært for utskiping av fisk er for tida under bygging. I dei seinare åra har det vokse fram fleire byggevareforretningar og andre handelsforretningar.

Bygdene Degnepoll, Kulen, Trollebø, Skavøypoll, Tennebø, Blålid og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad.