Dei 24 historieverka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Biografiane til Lian Po og Lin Xiangru'. Grasskrift-kalligrafi av Huang Tingjian med eit utdrag frå Shiji, det første av Dei 24 historieverka.

Dei 24 historieverka (kinesisk skrift 二十四史, pinyin Èrshísì Shǐ, Wade-Giles Erhshihszu Shih) er ei klassisk samling kinesiske historiekrøniker som strekkjer seg så langt attende som skildringar av 3000-talet f.Kr. og fram til Mingdynastiet1600-talet. Dei omfattar samanlagt over 3 000 skriftrullar og er blitt laga på oppdrag av ulike herskarar gjennom hundreåra.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet, og grupperinga i 24 verk, stammar frå året 1775, det 40. regjeringsåret til Qianlong-keisaren. Det var på den tida at det siste verkte, som tok for seg Mingdynastiet, blei gjennomarbeidd. Dette året kom det òg ut ei samleutgåve med alle 24 verka.

Dei 24 verka tek tilsynelatande for seg kvart sitt dynasti (eventuelt kvar sin delperiode), men dei er ofte overlappande. Her finst opplysingar om veksten og falla til dynastia og om politikk, økonomi, militærvesen og kultur i dei. På systematisk vis skildrar dei dynastiovergangane, viktige personlegdomar, vitskap, teknikk, kunst, litteratur, inndelinga av landet i administrative einingar, lovgjeving og utanrikspolitikk.

Systematikken til verka[endre | endre wikiteksten]

Som regel består historieverka av tre delar:[1]

  1. Annalen (tradisjonell kinesisk , pinyin tradisjonell kinesisk , pinyin : ; : (kronologi)
  2. Traktatar (tradisjonell kinesisk , pinyin zhì tradisjonell kinesisk , pinyin zhì: ; : ) (t.d. embetsordning, riksgeografi)
  3. Biografiar (tradisjonell kinesisk 列傳, pinyin lièzhuàn tradisjonell kinesisk 列傳, pinyin lièzhuàn: ; : ) (som den mest omfangsrike og viktigaste delen)

Dei 24 verka[endre | endre wikiteksten]

Verk Forfattarar Ferdigstilt år Kategorisering
Shiji Sima Qian 91 f.Kr. Dei fire tidlege historieverka (前四史)
Hanshu Ban Gu 82
Sanguo Zhi Chen Shou 289
Hou Hanshu Fan Ye 445
Songshu Shen Yue 488
Qishu Xiao Zixian 537
Weishu Wei Shou 554
Liangshu Yao Silian 636 Dei åtte Tang-verka (唐初八史)
Chenshu Yao Silian 636
Bei Qi-shu Li Baiyao 636
Zhoushu Linghu Defen 636
Suishu Wei Zheng 636
Jinshu Fang Xuanling 648
Nanshi Li Yanshou 659
Beishi Li Yanshou 659
Tangshu Liu Xu 945
Jiu Wudaishi Xue Juzheng 974
Xin Jiu Wudaishi Ouyang Xiu 1053
Xin Tangshu Ouyang Xiu 1060
Liaoshi Toktoghan 1345 Dei tre yuan-verka (元末三史)
Jinshi Toktoghan 1345
Songshi Toktoghan 1345
Yuanshi Song Lian 1370
Mingshi Zhang Tingyu 1739

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hamburger China-Notizen NF 24 vom 5. Februar 2007 (PDF; 345 kB), 1 Seite» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2014-01-14. Henta 13. januar 2014. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Endymion Porter Wilkinson: Chinese history: a manual, Harvard-Yenching Institute monograph series, 0073-084X ; 52, 2000, Harvard University Press, ISBN: 0-674-00247-4