Dei Liberale - Europapartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei Liberale - Europapartiet

Dei Liberale - Europapartiet (De Liberale - Europapartiet) var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1989. Partiet oppstod av det mindretalet i Det Liberale Folkepartiet som ikkje ville vera med på samanslåinga med Venstre i 1988. Dei Liberale - Europapartiet hadde norsk EF-medlemskap som si viktigaste sak. Dei stilte lister i ni fylke og fekk til saman 470 røyster, eller 0,02 % av røystene. Partiet vart soleis ikkje representert på Stortinget.

Nokre av dei same kreftene stifta i 1992 på nytt eit parti ved namn Det Liberale Folkepartiet.