Dei amerikanske Jomfruøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Virgin Islands of the United States
Det jomfruøylandske flagget
Flagg
Motto: United in Pride and Hope ('Sameina i byrgskap og håp')
Geografisk plassering av Dei amerikanske jomfruøyane
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Charlotte Amalie
Styresett
President
Guvernør
Amerikansk oversjøisk territorium
Donald Trump
Albert Bryan (politician)
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
352 km²
1
Folketal (2003)
 - Tettleik
124 778
354/km²
Status Oversjøisk territorium til USA
Kjøpt av USA frå Danmark

Plassert under innanriksdepartementet
Lokalt sjølvstyre

17. januar 1917
27. februar 1931
22. juni 1936
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC -4
Nasjonalsong «Virgin Islands March»
Nasjonaldag 31. mars
Internasjonal telefonkode +1-340

Dei amerikanske Jomfruøyane er ei øygruppe i det karibiske havet. Øygruppa er eit territorium undergjeve USA.

Kart over Dei amerikanske jomfruøyane

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa inneheld fire hovudøyar; Saint Thomas, Saint John, Saint Croix og Water Island, og fleire titals mindre øyar. Dei amerikanske Jomfruøyane er ein del av ei større øygruppe som blir kalla Jomfruøyane. Den andre delen er dei britiske Jomfruøyane. Aust for dei amerikanske jomfruøyane ligg Puerto Rico.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dansk Vestindia.

Jomfruøyane var opphavleg busette av guanajatabeyar, karibar og arawakar. Dei blei oppdaga av Christopher Columbus på den andre Amerikareisa hans, i 1493, og namngjevne etter den heilage Ursula og dei mange tusen jomfruane i følgjet hennar.

I løpet av dei neste tre hundre åra hadde ulike europeiske makter herredøme over øyar i øygruppa, mellom anna Spania, England, Nederland, Frankrike, Danmark og Maltesarordenen.

Det danske vestindiakompaniet slo seg til på St. Thomas i 1672 og på St. John i 1694. Det kjøpte Saint Croix av Frankrike i 1733. Øyane blei koloniar underlagde den danske krona i 1754. Området blei kalla Dansk Vestindia frå 1691.

Økonomien på øyane var basert på slaveproduksjon av sukkerrøyr. Slaveriet blei oppheva av guvernør Peter von Scholten den 3. juli 1848.

I 1917 kjøpte USA den strategisk plasserte øygruppa frå Danmark for 25 millionar dollar. USA ville sikre seg mot at ho fall i tyske hender.

Den siste større amerikanske jomfruøya, Water Island, blei først kjøpt av det danske vestindiakompaniet i 1905. USA kjøpte så øya i 1944, men ho blei først innlemma i jomfruøyterritoriet i 1996.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Hovudstaden Charlotte Amalie.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Dei amerikanske Jomfruøyane har status som eit organisert, oversjøisk uinnlemma territorium i USA.[1] Dei er eit sjølvstyrt representativt demokrati der guvernøren har den utøvande makta. Senatet har den lovgjevande makta. Det har femten senatorar som blir valde annakvart år.[2] Sidan 1970 har innbyggjarane vald guvernør kvart fjerde år.[3]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Dei amerikanske Jomfruøyane har venstrekøyring.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Turisme er den viktigaste næringa ved sidan av jordbruk og industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CIA World Factbook- US Virgin Islands». Arkivert frå originalen May 16, 2016. Henta 14. juli 2019. 
  2. «Legislature of the Virgin Islands». Ballotpedia. Ballotpedia. 1. juli 2016. Arkivert frå originalen 23. mai 2017. Henta 24. februar 2017. 
  3. «Virgin Islands - History». Encyclopaedia Brittanica. Henta 2. januar 2020. All military, civil, and judicial power was invested in a governor appointed by the president of the United States./In 1968 an act was approved, which took effect in 1970, legalizing the popular election of the islands’ governor and lieutenant governor for four-year terms. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]