Dei fjorten naudhjelparane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altaret i Liebfrauenmünster i Wolframs-Eschenbach i Mittelfranken i Bayern.

Dei fjorten naudhjelparane er ei nemning på ei gruppe med sentrale kristne helgenar som ein kunne be til for særskild hjelp og vern. Naudhjelparane har minnedag den 8. august i den katolske kyrkja.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Valfartskyrkja Vierzehnheiligen av Johann Balthasar Neumann.
Foto: Reinhard Kirchner.

Idéen til dei fjorten naudhjelparane kan ha kome frå islam, der ein endå tidlegare hadde operert med «sju naudhjelparar». Dei fjorten vert fyrste gongen nemnt i eit avlatsbrev frå 1284. Naudhjelparane vart viktige for dei kristne i Europa utover mellomalderen, i møte med fattigdom, naud og katastrofar, t.d. Svartedauden som herja i Europa på 1300-talet. Populariteten til naudhjelparane nådde høgdepunktet sitt på 13- og 1400-talet, men sokk då reformatorane gjekk til åtak på helgentilbedinga på 1500-talet.

Kultsenteret til dei fjorten naudhjelparane vart kalla Vierzehnheiligen. Dette var ein valfartsstad i Lichtenfels, nord for Bamberg i Oberfranken i Bayern. Gjetaren Hermann Leicht ved cisterciensarklosteret Langheim fekk to syner der i 1445 og 1446. Jesus Kristus synte seg då for han som eit barn saman med 14 andre små born som var nakne. Dei skal ha bede Hermann Leicht om å byggja ei kyrkje til dei, så ville dei til gjengjeld hjelpa menneske i naud. Det vart dermed bygt eit kapell som vart innvigt i 1448, men det vart rive i 1525. Kapellet vart bygt opp att i 1543, og erstatta av ei barokk valfartskyrkje av Johann Balthasar Neumann på 1700-talet.

Også Hasslach ved Kronach i Bayern var ein valfartsstad for dei fjorten naudhjelparane. Den fyrste naudhjelparkyrkja her stammar frå 1124, men den noverande 1700-talskyrkja, Maria, die Königin der Märtyrer und der 14 heiligen Nothelfer feira 275-årsjubileum i 2003.

Naudhjelparane vart ofte portrettert i tresnitt på altartavler eller andre måleri. Det eldste kjende portrettet av naudhjelparane er veggmåleriet frå dominikanarklosterkyrkja i Regensburg, måla i 1331. Dette veggmåleriet eksisterer ikkje i sin heilskap lenger. Ved seinmellomalderen fanst det heile 800 ulike kyrkjer som var vigd til dei fjorten naudhjelparane. Ei av desse er soknekyrkja i Lichtental i Wien.

Naudhjelparane[endre | endre wikiteksten]

Statue av Dionysius av Paris, med avhogt hovud. Detalj frå Notre-Dame de Paris.

Det varierer litt frå stad til stad kva for helgenar som vert rekna som dei fjorten naudhjelparane. Minnedagane varierer med dei ulike kyrkjesamfunna, men dei som er oppgjevne her, kjem frå den romersk-katolske kyrkja. Dei vanlegaste fjorten naudhjelparane er dei fylgjande:

1. Akakios av Armenia (d. 130): Ein romersk offiser som vart krossfest på Araratfjellet saman med ti tusen andre romerske soldatar på ordre frå keisar Hadrian. Krossfestinga skjedde fordi soldatane hadde vendt om til kristendommen. Denne historia er kjend som historia om dei ti tusen martyrane. Ein kunne be til Akakios i dødsangst og tvil. Minnedag 22. juni.

2. Barbara av Nikomedia (d. på 300-talet): Ei ung kvinne som skal ha vorte grusamt mishandla og halshogd av sin eigen far for trua si. Ein kunne be til Barbara mot feber, plutseleg død, brann, tore og pest. Barbara var skytshelgen for m.a. bergverksarbeidarar, arkitektar, geologar og artilleristar. Minnedagen 4. desember, vert kalla Barbromesseprimstaven. Symbolet er krossar eller eit tårn.

3. Blasius av Sebasteia (d. ca. 316): Biskop av Sebaste i Armenia, martyr. Ifølgje legenda redda han ein ung mann som hadde fått eit fiskebein i halsen ved å be for han. Ein ba difor til Blasius ved halsplager, t.d. fiskebein, men også ved hudsjukdom, byllar, tannsmerter, pest eller stormskadar. Minnedagen 3. februar, heiter Blåsmesse eller Blåsius på primstaven, og symbolet er horn, eller ein båt for fulle segl.

4. Dionysius av Paris (d. ca. 258): Misjonær i Frankrike som vart halshogd og framstilt som helgen med det avhogne hovudet sitt i hendene. Ein bad til Dionysius ved hovudverk, hundebitt, syfilis eller samvitsangst. Minnedagen 9. oktober vart kalla Dinesmesse eller Deinets dag i Noreg. På primstaven symbolisert med ein fisk, flagg eller bispestav.

5. Egidius (ca. 650-710): Grekar som grunnla benediktinarklosteret St. Egidius (St. Giles) i Provençe i Frankrike. Han vart framstilt som abbed saman med ei hind som er truffen av piler. Egidius vart påkalla av angerfulle skriftande, ammande mødrer og hjelpte ved brann, tørke, ulukker, pest, sjelenaud, om ein kjende seg forlaten, eller viss menneske eller dyr var ufruktbare. Minnedagen 2. september, vart kalla Eidismesse eller Kverknarren i Noreg. På primstaven symbolisert med to kvernsteinar eller ein kross.

6. Erasmus av Formia (d. ca. 303): Biskop av Formiæ, Sør i Italia og vart martyr under keisar Diokletian. Enkjer og foreldrelause påkalla Erasmus, og han hjelpte mot kolikk, smerter i magen eller underlivet, krampe, fødslesmerter eller epidemiar blant storfeet. Minnedag 2. juni (3. juni på primstaven, der dagen vert symbolisert med eit bur. Det norske tradisjonsnamnet på dagen var Skoklefallsmesse eller Rasmusdagen.)

Katarina av Alexandria, måla av Bernardino Luini, 1500-talet.

7. Eustacius av Roma (ca. 100-talet), romersk oberst under keisar Trajan, men vart avretta for den kristne trua si. Ofte framstilt som jeger med ein hjort med kross i geviret. Eustacius vart påkalla til vern mot ulvar, pest, svolt, krig eller andre katastrofar og uhell.

8. Heilage Jørgen (ca. 200/300-talet): Romersk offiser og kristen martyr som skal ha kjempa mot ein drake i følgje legenda. Ein bad til Jørgen mot spedalskheit, i trusvanskar, i krig eller ved husdyrsjukdommar. Minnedag 23. april, Jørgensdag, symbolisert med krossar eller ein hest på primstaven.

9. Katarina av Alexandria (ca. 200/300-talet): Kvinne som leid martyrdøden i Roma under keisar Maxentius. Ho vart ofte framstilt med eit øydelagt hjul og eit sverd. Ein påkalla henne m.a. mot halssjukdommar, språkvanskar, mjølkemangel hjå ammande mødrer og når ein leitte etter drukningsoffer. Minnedag 25. november, kalla Karimesse, Karensmesse eller Kari med Rokken i Noreg. Symbolisert med sverd, krossar eller hjul på primstaven.

10. Heilage Kristoffer (ca. 200/300-talet): Martyr som ifølgje legenda bar Jesusbarnet over ei elv. Kristoffer vart påkalla av vegfarande, ved uvêr, brann, hagl, turke, men også til hjelp mot augesjukdom, tannsjukdom, sår, pest og epidemiar eller ved uventa dødsfall. Minnedag 25. juli.

11. Kyriakos av Roma (d. 303): Diakon som leid martyrdøden i Roma. Ein bad til Kyriakos for å driva ut vonde ånder, ved store freistingar, barnesjukdommar eller i dødstimen. Minnedag 8. august.

12. Margareta av Antiokia (ca. 200/300-talet): Helgen som vart halshogd under keisar Diokletian. Ho vart ofte framstilt med ein krosstav eller med ein drake som symbol på at ho hadde overvunne djevelen. Ho vart påkalla av kvinner, gravide og ved barsel. Minnedag 20. juli, kalla Marit Vassause, Margretemesse eller Maritmesse i Noreg. Symbolisert med eit hjul, krossar med glorie eller ein M på primstaven.

13. Pantaleon av Nikomedia (ca. 200/300-talet): Lege for keisar Maximian. Vart påkalla av legar, sjuke og einsame, eller ved hovudverk, tuberkulose eller ved kvegsjukdom. Minnedag 27. juli.

14. Vitus av Lucania (d. ca. 305): Ein kristen gut som leid martyrdøden. Han vert framstilt som eit barn i ein kokande oljekjele eller med ein hane. Vitus vart påkalla av born og unge, mot krampe, nervesjukdom, torevêr, brann, dyrebitt, vonde ånder, sengevæting, dødslengt eller for å bevara kyskleiken. Minnedag 15. juni.

Alternative naudhjelparar[endre | endre wikiteksten]

Antonius den store.

I Danmark opererte ein med femten naudhjelparar; der var Dorotea av Cæsarea (6. februar) rekna som den femtande. I Frankrike rekna ein Maria møy som den femtande naudhjelparen. Men ofte var ein eller fleire av naudhjelparane erstatta med ein av desse:

Dei heilage Antonius, Hubert, Kornelius og Quirinus vart gjerne kalla "dei fire marskalkane".

Namnebruk[endre | endre wikiteksten]

Namna til dei fjorten naudhjelparane vart også populære personnamn i Europa i mellomalderen, og desse har levd heilt fram til våre dagar. I Noreg har me t.d. Kari og Katrine av Katarina, Jørgen av Georg, samt Marit, Margit og Margrete frå Margareta.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

  • Primstaven, der mange av dei gamle minnedagane for helgenane er markert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]