Dei franske og indianske krigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei franske og indianske krigane
Del av Niårskrigen, Den spanske arvefølgjekrigen, Den austerrikske arvefølgjekrigen, Sjuårskrigen

Etter slaget ved Lake George 1755. William Johnson reddar livet til baron de Dieskau.
Dato 1689-1763
Stad Nord-Amerika
Resultat Britisk siger (Frankrike svekka, Storbritannia styrka)

Dei franske og indianske krigane (engelsk French and Indian Wars) er eit namn brukt i USA om ei rekkje krigar om herredøme i Nord-Amerika for europeiske kolonimakter. På fransk er krigane kjende som Guerres intercoloniales, 'interkolonialkrigane'. På den eine sida stod England (som etterkvart blei Storbritannia) og på den andre sida Frankrike, tidvis med støtte frå Spania. Begge sider hadde også innfødde allierte. Krigane reflekterte konfliktar i Europa, og enda om lag samtidig med dei. Den siste av dei fire konfliktane som blei utkjempa er kjend som Den franske og indianske krigen i eintal.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Krigsår Nord-Amerika Europa Fredsavtaler
1689–1697

Kong Vilhelm-krigen

Niårskrigen Freden i Rijswijk 1697
1702–1713

Dronning Anne-krigen

Den spanske arvefølgjekrigen Freden i Utrecht 1713
1744–1748 Kong Georg-krigen Den austerrikske arvefølgjekrigen Freden i Aachen 1748
1754–1763

Den franske og indianske krigen

Sjuårskrigen Freden i Paris 1763
Samanliknande tidsline for dei europeiske og kolonikrigane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne historieartikkelen som har med krig å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.