Dei greske borgarkrigane 1823–1825

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei greske borgarkrigane 1823–1825 fann stad på same tid som den greske sjølvstendekrigen. Konflikten hadde både politiske og regionale sider, med hovudsakle roumeliotes frå det greske fastlandet og skipseigarar frå øyane, særleg Ýdra, mot peloponnesarar eller moreotar. Han delte den unge nasjonen, og svekka den greske militærmakta mot det komande egyptiske inntoget i konflikten.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ved slutten av mars 1821 var Peloponnes i ope opprør mot Det osmanske riket, og i oktober 1821 hadde grekarar leia av Theodoros Kolokotronis allereie teke Kalamata og Tripolitsa. Etter at Kalamata fall heldt Det messeniske senatet, det fyrste av dei lokale greske regjande råda, sitt fyrste møte. På omtrent same tid blei det acheanske direktoratet kalt inn i Patras. På initiativ frå det messeniske senatet blei det kalla inn eit peloponnesisk råd som 26. mai vald eit senat. Det blei også halde råd i sentrale Hellas (november 1821) leia av to phanariotar: Alexandros Mavrokordatos i vest og Theodoros Negris i aust. Desse forsamlingane vedtok to lokale statuttar som innførte to lokale administrative organ i sentrale Hellas, Areopagus i aust og eit senat i vest.[1] Dei tre lokale statutta blei godkjende av den fyrste nasjonalforsamlinga, men blei seinare oppløyste av den andre nasjonalforsamlinga.[2]

Den fyrste nasjonalforsamlinga blei danna i Epídavros seint i desember 1821, og hadde nesten berre peloponnesiske stormenn som medlemmer. Forsamlinga skreiv den fyrste greske grunnlova, og valde ut medlemmer til ei utøvande og lovgjevande forsamling som skulle styra dei frigjorte delane av landet. Mavrokordatos peikte ut rolla som utøvande president for seg sjølve, medan Ypsilantis, som hadde kalla inn forsamlinga, blei vald til president for den lovgjevande forsamlinga, ei rolle med lita tyding.[3] Militære leiarar og representantar for Filiki Eteria blei marginaliserte, men den politiske innverknaden til Kolokotronis voks, slik at han og støttespelarane hans snart kunne kontrollera det peloponnesiske senatet, som ikkje var blitt oppløyst av nasjonalforsamlinga. Senatet styrte Peloponnes, medan sentralregjeringa var for veik til å kunna utøva makta si. Då Mavrokordatos og hydriotane såg konflikten og den aukande makta til dei peloponnesiske leiarane, føreslo dei å oppløysa senatet og gjera det til del av nasjonalforsamlinga. Mavromichalis godtok forslaget, men militærleiarane avslo det. Etter avslaget prøvde sentralregjeringa å marginalisera Kolokotronis, som kontrollerte festningen i Návplio (Nafplion). I november 1822 innførte sentralregjeringa ein lov for å velja representantar til den nye nasjonalforsamlinga. Kolokotronis gjekk imot loven, og erklærte at Peloponnes kom til å danna si eiga forsamling for val av nye medlemmer til senatet.[4]

Den fyrste borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste greske borgarkrigen

Theodoros Kolokotronis
Dato Hausten 1823–juni 1824
Stad Peloponnes, Den fyrste hellenske republikken
Resultat
Partar
Flagget til Hellas Den fyrste hellenske republikken

Dei fleste primates

Flagget til {{{alias}}} Militærleiarar
Støttespelarar for Filiki Eteria

Den provisoriske regjeringa bestemte at nasjonalforsamlinga skulle haldast i Nafplio, og ba Kolokotronis om å gje frå seg festninga til styresmaktene. Kolokotronis nekta, og føreslo at forsamlinga skulle gå føre seg i Nafplio, men at byen skulle halde fram å vera under hans kontroll. Haldninga hans delte støttespelarane hans, og svekka han politisk. Die fleste av medlemmene av det peloponnesiske senatet lystra avgjerda frå regjeringa, og kapteinane blei nøydde til å forhandla om deltakinga deira i forsamlinga. Til slutt blei den andre nasjonalforsamlinga opna i mars 1823i Astros. Sentralregjeringa blei styrka medan regionale forsamlingar blei svekka, ein ny grunnlov blei stemt over, og det blei vald nye medlemmer til den utøvande og den lovgjevande forsamlinga.[5]

For å prøve å lokka militærleiarane til si side, føreslo sentraladministrasjonen at Kolokotronis kunne delta i den utøvande forsamlinga som visepresident. Kolokotronis godtok, men handlingane hans forårsaka ei alvorleg krise då han hindra Mavrokordatos, som var blitt vald til president for det lovgjevande organet, frå å overta hans stilling. Haldninga hans til Mavrokordatos forårsaka raseri blant medlemmene av det lovgjevande organet, som blei kontrollert av Roumeliotes og hydriotar. Både Kolokotronis og hans president for det utøvande organet, Petros Mavromichalis, blei sterkt kritiserte av medlemmer av den lovgjevande forsamlinga.[6] Krisa kulminerte då den lovgjevande forsamlinga oppløyste den utøvande. Kolokotronis og dei fleste peloponnesiske leiarane støtta Mavromichalis, som heldt fram som utøvande president i Tripolitsa. Eit anna utøvande organ, med støtte frå øybuar, roumeliotar, nokre achaeanske leiarar — med Andreas Zaimis og Andreas Londos som dei best kjende — og andre, som Papaflessas, blei skipa i Kranidi med Kountouriotis som president.

Krigen mellom partane braut ut tidleg i mars 1824, då regjeringa bad Panos Kolokotronis om å gje frå seg Nafplion til henne. Panos Kolokotronis nekta, og regjeringa bestemte seg for å omleira byen. 22. mars 1824 omleira styrkane til den nye utøvande makta Tripolitsa, og etter to veker med kriging kom Kolokotronis, frå den eine sida, og Londos og Zaimis frå den andre, fram til ei semje. Den gamle utøvande forsamlinga blei endeleg oppløyst, og Kolokotronis flykta frå byen. 22. mai var den fyrste delen av borgarkrigen offisielt slutt. Dei fleste medlemmene av den nye utøvande forsamlinga ønska likevel ein fullstendig siger over motstandarane sine, og mislikte derfor semja Londos og Zaimis hadde forhandla fram. Kolokotronis og Mavromichalis trekte seg tilbake, men dei planla å samla styrkane sine att og gå på offensiv att seinare. Panos Kolokotronis hadde også berre gått med på å overgje Nafplion til Londos og Zaimis, noko som gjorde at regjeringa mistrudde dei.[7]

Den andre borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Den andre greske borgarkrigen

Georgios Kountouriotis
Dato Oktober 1824–februar 1825
Stad Peloponnes, Den fyrste hellenske republikken
Resultat Siger for regjeringsstyrkane
  • Kolokotronis blei fengsla
Partar
Flagget til Hellas Den fyrste hellenske republikken
Roumeliotes
Hydriotes
Flagget til {{{alias}}} Moreotes


I løpet av denne perioden var dei to første delane av det engelske lånet til Hellas kome fram. Dette styrka stillinga til regjeringa, men striden var endå ikkje over. Zaimis og dei andre peloponnesarane som støtta Kountouriotis kom i konflikt med det utøvande organet då dei blei ekskluderte frå dei fleste regjeringspostane etter valet 3. oktober 1824. Framtredande personar frå begge sider føreslo forhandlingar og innkalling av ei ny nasjonalforsamling, men dei fleste medlemmene av den utøvande forsamlinga (særleg Papaflessas og Ioannis Kolettis) ville ha ei fullstendig underkasting frå peloponnesarane.

Den militære konflikten blei tatt opp att då Kolokotronis fekk innbyggjarane i Tripolitsa til å reisa seg mot dei lokale skatteinnkrevjarane til styresmaktene. Papaflessas og Yannis Makriyannis klarte ikkje å undertrykka opprøret, som spreidde seg over heile Peloponnes, men verken Kolokotronis, Londos eller Zaimis prøvde å okkupera Tripolitsa. Kolokotronis blei verande inaktiv ei tid av ei anna årsak: han kunne ikkje koma over døden til sonen Panos, som var drepen av motstandarane. Medan peloponnesarane var usikre på neste trekk, omgrupperte regjeringa sine styrkar, som no hovudsakleg bestod av roumeliotar og souliotar, med mange som tidlegare hadde tent peloponnesarane. Planen til regjeringa blei gjennomført av Kolettis, som gav to einingar av roumeliotear og souliotar ordre om å invadera Peloponnes. Den 23. november okkuperte dei første av desse einingane under Gouras Korint, og raida provinsen. Den andre geininga under Georgios Karaiskakis, Kitsos Tzavelas og andre, angreip Londos og Zaimis i Achaea. Desse trekte seg tilbake og flykta så til Kálamos. I januar 1825 raida en roumeliote-styrke, leia av Kolettis sjølv, Peloponnes endå ein gong, og arresterte Kolokotronis, Deligiannis sin familie og andre. Den neste månaden overtok Mavrokordatos stillinga som president for den utøvande forsamlinga. I mai 1825, under press frå den egyptiske intervensjonen til Ibrahim Pasha, blei dei fengsla sleppte fri og gjevne amnesti.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koliopoulos & Veremis, Greece: the Modern Sequel, s. 14–17.
    * Papageorgiou, "First Year of Freedom", s. 67–70.
  2. Koliopoulos & Veremis, Greece: the Modern Sequel, s. 19–20.
    * Theodoridis, "A Modern State", s. 129–130.
  3. Dakin, The Greek Struggle for independence, s. 87-9.
  4. Rotzokos, "Civil Wars", 143–148
  5. Rotzokos, "Civil Wars", 148–151
  6. Rotzokos, "Civil Wars", 152–154
  7. Dimitropoulos, Theodoros Kolokotronis, 79–81
    * Rotzokos, "Civil Wars", 154–161
  8. Dimitropoulos, Theodoros Kolokotronis, 79–81
    * Rotzokos, "Civil Wars", 164–170.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dakin, Douglas (1973). The Greek struggle for independence, 1821-1833. University of California Press. ISBN 0-520-02342-0. 
  • Dimitropoulos, Dimitris (2009). «Kolokotronis during the Infighting». Theodoros Kolokotronis (på gresk). Athens: Ta Nea. ISBN 978-960-469-707-6. 
  • Koliopoulos, John S.; Veremis, Thanos M. (2004). «A Regime to Suit the Nation». Greece: the Modern Sequel. C. Hurst & Co. Publishers. ISBN 1-85065-463-8. 
  • Rotzokos, Nikos (2003). «The Civil Wars». I Panagiotopoulos, Vassilis. History of Modern Hellenism (på gresk) III. Athens: Ellinika Grammata. s. 143–170. ISBN 960-406-540-8.