Dei kvite Karpatane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vršatec
Plasseringa til Dei kvite Karpatane

Dei kvite Karpatane (tsjekkisk Bílé Karpaty; slovakisk Biele Karpaty) er den vestlegaste fjellkjeda i Karpatane. Dei er ein del av Dei slovakisk-moraviske Karpatane og ligg på grensa mellom Tsjekkia og Slovakia. Det høgaste fjellet er Veľká Javorina på 970 meter over havet, etterfølgd av Chmeľová på 926 moh, Makyta 923 moh og Veľký Lopeník på 911 moh.

Det ligg verna landskapsområde på begge sider av fjellet, Biele Karpaty landskapsvernområde i Slovakia, grunnlagd i 1979 og Bíle Karpaty landskapsvernområde i Tsjekkia, grunnlagd i 1980. Desse områda har eit rikt dyre- og planteliv og nokre av artane er endemiske, særleg nokre orkidéar som berre veks på engene i Dei kvite Karpatane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei kvite Karpatane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°00′N 18°00′E