Dei kvite bussane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Dei kvite bussane», truleg ved Friedrichsruh slott i Schleswig-Holstein i Tyskland.

«Dei kvite bussane» var bussar som henta nordmenn og danskar frå konsentrasjonsleirar i Tyskland mot slutten av andre verdskrig, og førte dei til Sverige. Transporten var organisert av den svenske Raudekrossen, og han var godkjend av dei tyske styresmaktene.

Slik vart om lag 15 000 i hovudsak danske og norske fangar bringa i sikkerheit til Sverige i mars-april 1945. Dette skjedde under leiing av den daverande visepresidenten i den svenske Raudekrossen, Folke Bernadotte. Denne humanitære redningsaksjonen heldt fram etter den tyske kapitulasjonen, og mogleggjorde dermed rask repatriering av 10 000 fangar til, via Sverige.

Særleg i Danmark og Noreg ser ein Dei kvite bussane som ein framifrå humanitær redningsaksjon, men andre stader har det vore ein viss kritikk på grunn av utvalet av dei som vart redda.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.