Dei kvite klippene ved Dover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 51°8′N 1°22′E

Dei kvite klippene ved Dover
Klippene sett frå andre sida av kanalen frå Cap Gris Nez i Frankrike
Plasseringa til Dei kvite klippene søraust i England.

Dei kvite klippene ved Dover (engelsk White cliffs of Dover) er kalkklipper langs den britiske kysten som vender mot Doversundet og Frankrike. Klippene er ein del av formasjonen North Downs. Klippeveggen har ei høgd på opp til 107 meter,[1] og består av kvitt krit (heilt kvit kalsiumkarbonat) med striper av svart flintstein innimellom. Klippene strekkjer seg aust og vest frå byen Dover i grevskapet Kent. Dover er ein gammal hamneby i England.

Klippene har stor symbolsk verdi for England sidan dei vender mot det europeiske fastlandet ved den smalaste delen av Den engelske kanalen. Gjennom historia har mange invasjonar trua britane her og klippene har vore ei symbolsk vakt. Vegen over Doversundet var den vanlegaste vegen til England før flyreiser vart vanleg. Dei kvite klippene er det siste ein ser når ein forlèt landet denne vegen, og er på ein klår dag synlege frå Frankrike på den andre sida. Klippene kan til og med ha gjeve England sitt latinske namn, «Albion», som kan vera avleidd av albus, 'kvit'.[2]

Shakespeare Cliff markerer staden der England er nærast det europeiske fastlandet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Spor etter erosjon på toppen av klippa
Nærbilete av klippa frå stilen langs ryggen
South Foreland fyr på toppen av klippene ved Dover

Klippene består av mjuk, kvit kalkstein med ein særs finkorna struktur, hovudsakleg av coccolittar, plater med kalsiumkarbonat danna av skalet på kalkflagellat, eincella plankton-liknande gulalgar. Flintstein og kvarts finst òg innimellom kalksteinen.[3]

Kvite kalkklipper som dei i Dover finn ein òg på mindre skala på dei danske øyane Møn og Langeland eller langs kysten av øya Rügen i Tyskland. Klippene er utsett for konstant erosjon og eroderer i snitt 1 cm innover kvart år. Så nyleg som i mars 2012 fall ein stor bit av klippene og ut i kanalen.[4] I 2001 mista dei ein bit så stor som ein fotballbane ut i kanalen. Vitjande vert derfor oppfordra til å halde seg borte frå klippekanten.ref>Beard, Matthew (1. februar 2001). «White cliffs of Dover go crashing into the Channel». The Independent. Henta 7. november 2021. </ref>

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Toppen av klippene er dekt av gras, eit kulturlandskap skapt gjennom dyrking og deretter beiting sidan bronsealderen. Den kalkhaldige jorda gjev næring til eit artsrikt habitat. Typiske vekstar er pimpernell, merian, kryptimian, solrose, augetrøyst og fleire sjeldne orkidéar. Ei rekkje insekt, mellom andre fleire sommarfuglar, lever blant desse låge vekstane. [5] Forskjellige fuglar hekkar i klippeveggen, som havhest og koloniar av krykkje.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Julius Cæsar skildra i Commentarii De Bello Gallico korleis britar på toppen av klippene hindra romerske soldatar frå å gå i land ved Dover i 55 f.Kr. I staden måtte romarane sigla lengre opp kysten og finna ein betre landingsstad.[2]

Bak klippeveggen ligg fleire kilometer med skjulte tunnelar som vart bygde i mellomalderen og som spelte ei rolle i forsvaret av Storbritannia under napoleonskrigane. Tunnelane vart seinare forstørra og vart dei hemmelege krigstunnelane under Dover Castle.

Sommaren 1940 kunne reporterar sjå luftkampar mellom tyske og britiske fly under slaget om Storbritannia i andre verdskrigen.[6]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I Kong Lear av William Shakespeare prøver jarlen av Gloucester å ta livet av seg ved å hoppe utfor klippene i Dover. Klippene «symboliserer eit skilje [...] mellom det kjende og det ukjende, [...] land og sjø, høgt og lågt, mellom Storbritannia og omverda.»[7] Ein verkeleg konge, Karl II av England, kom i land ved Dover til jubel frå ein folkemasse då han vende tilbake frå eksil ved restaurasjonen etter det engelske protektoratet.[2]

I Matthew Arnold sitt dikt «Dover Beach» frå 1867, har klippene ein beroligande styrke. Rudyard Kipling-diktet «The Broken Men» frå 1902 endar med linjene «How stands the old Lord Warden? Are Dover's cliffs still white?» («Korleis står gamle Lord Warden. Er Dovers klipper framleis kvite?») og er eit symbol på heimlengselen til engelskmenn i utlandet. Den mest kjende referansen til klippene er kanskje songen «(There'll Be Bluebirds Over) The White Cliffs of Dover» frå den andre verdskrigen sungen av Vera Lynn. Songen handla om håpet om fred og å venda tilbake til England «i morgon, når verda er fri».[8]

Andre musikarar som har sunge om dei kvite klippene er mellom anna Jim Reeves, Jimmy Cliff, Glenn Miller, The Righteous Brothers, Kay Kyser, Kate Smith, Blur, Coil, The Desemberists, Louis Prima, Robson og Jerome, Clutch, Andrew Bird, Current 93, Fatboy Slim og The Late Morning Risers.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nationaltrust.org.uk/main/w-coastal_walk-white_cliffs_dover.pdf
  2. 2,0 2,1 2,2 Winterman, Denise (29. august 2012), «White Cliffs of Dover: Why are they so important to the British?», BBC News Magazine 
  3. Harris, C.S. «Chalk facts» i Geology Shop
  4. «BBC News - White Cliffs of Dover suffer large collapse». BBC News. 15. mars 2012. 
  5. Chalk Grasslands, White Cliffs Countryside Partnership 
  6. Sperber, A. M. (1998). Murrow, His Life and Times. Fordham University Press. s. 161. ISBN 0-8232-1881-3. 
  7. «The cliffs are used in the play to symbolise a boundary, one between the known and the unknown. That's what the cliffs represent to many, a boundary between land and sea, high and low, between Britain and the outside.» Dr. Stephen Purcell, Warwick University (Winterman 2012)
  8. «tomorrow, when the world is free» (Winterton 2012)