Dei lange knivars natt
Utsjånad
Dei lange knivars natt»[a] var ei utreinsking av dei potensielle politiske rivalane til Adolf Hitler i den halvmilitære organisasjonen Sturmabteilung (SA) leia av Ernst Röhm.[1]
SA fungerte som ein paramilitær organisasjon for NSDAP, det tyske nazipartiet, og var viktig i samband med at Adolf Hitler kom til makta i 1933. Natt til 30. juni vart SA-leiarar og medlemer som var meir assosiert med sosialisme enn med nasjonalisme, og difor sett på som ein trussel, avretta. Gestapo hadde òg konservative rivalar og element innanfor og utanfor regimet som mål. Offisielle dokument viser at 82 vart avretta. Det omfatta nesten alle SA-leiarane. Likevel meiner ein at om lag 200 påståtte motstandarar av naziregimet var drepne.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «De lange knivers natt» i Store norske leksikon, snl.no.