Hopp til innhald

Dei mesopotamiske sumpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei mesopotamiske sumpane
våtmarksområde
Land  Irak,  Iran
Koordinatar 31°00′N 47°00′E / 31.000°N 47.000°E / 31.000; 47.000
Kart
Dei mesopotamiske sumpane
31°N 47°E / 31°N 47°E / 31; 47
Kart som viser Dei mesopotamiske sumpane.
Kart som viser Dei mesopotamiske sumpane.
Kart som viser Dei mesopotamiske sumpane.
Wikimedia Commons: Mesopotamian Marshes

Dei mesopotamiske sumpane eller Dei irakiske sumpane er eit våtmarksområde sør i Irak og delvis inn i det sørvestlege Iran og Kuwait.[1] Historisk bestod myrlandet hovudsakleg av dei fråskilde, men tilstøytande Qurna-, Hawizeh- og Hammarmyrene, og brukte å vere det største våtmarksområdet i det vestlege Eurasia. Det er eit sjeldan akvatisk landskap i ein ørken, og er levestad for sumparabarane og viktige fuglebestandar. I 1950-åra byrja ein å drenere delar av myrområda og dette fortsette inn i 1970-åra for å bruke landområdet til jordbruk og oljeutvinning. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra, under styret til Saddam Hussein, vart dette arbeidet utvida for å drive bort sjiamuslimar frå myrområda. Før 2003 var myrområda redusert til 10 % av den originale storleiken.[2]

Satellittbilete av Dei mesopotamiske sumpane, 2000–09

Etter regimet til Hussein fall i 2003, har myrområda dels blitt fylt opp att, men tørke i samband med byggjinga av demninga lenger opp i elvene i Tyrkia, Syria og Iran har hindra myrområda å kome attende slik dei opphavleg var.[3] Sidan 2016 har Dei mesopotamiske sumpane vore på verdsarvlista til UNESCO[4] som Ahwar i Sør-Irak.

  1. «Mesopotamian Delta and Marshes». World Wide Fund for Nature. Arkivert frå originalen 14. august 2013. Henta 22. april 2018. «Geographic Location: Middle East: Iran, Iraq, and Kuwait»
  2. CURTIS J. RICHARDSON AND NAJAH A. HUSSAIN (June 2006). «Restoring the Garden of Eden: An Ecological Assessment of the Marshes of Iraq» (PDF). www.biosciencemag.org.
  3. Muir, Jim (24. februar 2009). «Iraq marshes face grave new threat». BBC News. Henta 22. april 2018.
  4. AFP (18. juli 2016). «Iraqi marshlands named as Unesco world heritage site». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]