Dei mesopotamiske sumpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei mesopotamiske sumpene)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°00′N 47°00′E
Dei mesopotamiske sumpane
våtmarksområde
Marsh Arabs in a mashoof.jpg
Land Flag of Iraq.svg Irak, Flag of Iran.svg Iran
Koordinatar 31°00′N 47°00′E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mesopotamian Marshes

Dei mesopotamiske sumpane eller Dei irakiske sumpane er eit våtmarksområde sør i Irak og delvis inn i det sørvestlege Iran og Kuwait.[1] Historisk bestod myrlandet hovudsakleg av dei fråskilde, men tilstøytande Qurna-, Hawizeh- og Hammarmyrene, og brukte å vere det største våtmarksområdet i det vestlege Eurasia. Det er eit sjeldan akvatisk landskap i ein ørken, og er levestad for sumparabarane og viktige fuglebestandar. I 1950-åra byrja ein å drenere delar av myrområda og dette fortsette inn i 1970-åra for å bruke landområdet til jordbruk og oljeutvinning. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra, under styret til Saddam Hussein, vart dette arbeidet utvida for å drive bort sjiamuslimar frå myrområda. Før 2003 var myrområda redusert til 10 % av den originale storleiken.[2]

Satellittbilete av Dei mesopotamiske sumpane, 2000–09

Etter regimet til Hussein fall i 2003, har myrområda dels blitt fylt opp att, men tørke i samband med byggjinga av demninga lenger opp i elvene i Tyrkia, Syria og Iran har hindra myrområda å kome attende slik dei opphavleg var.[3] Sidan 2016 har Dei mesopotamiske sumpane vore på verdsarvlista til UNESCO.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mesopotamian Delta and Marshes». World Wide Fund for Nature. Henta 22. april 2018. Geographic Location: Middle East: Iran, Iraq, and Kuwait 
  2. CURTIS J. RICHARDSON AND NAJAH A. HUSSAIN (June 2006). «Restoring the Garden of Eden: An Ecological Assessment of the Marshes of Iraq» (PDF). www.biosciencemag.org. 
  3. Muir, Jim (24. februar 2009). «Iraq marshes face grave new threat». BBC News. Henta 22. april 2018. 
  4. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]