Dei nordfrisiske øyane

Koordinatar: 54°55′N 8°20′E / 54.917°N 8.333°E / 54.917; 8.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei nordfrisiske øyane
øygruppe
Land Mal:Landdata Tyskland, Danmark
Kart
Dei nordfrisiske øyane
54°39′40″N 8°26′35″E / 54.66112°N 8.44299°E / 54.66112; 8.44299
Kart over Dei nordfrisiske øyane og dei danske Vadehavsøyane
Kart over Dei nordfrisiske øyane og dei danske Vadehavsøyane
Kart over Dei nordfrisiske øyane og dei danske Vadehavsøyane
Wikimedia Commons: North Frisian Islands

Dei nordfrisiske øyane er ei øygruppe i Vadehavet søraust i Nordsjøen utanfor vestkysten av Schleswig-Holstein i Tyskland. Dei tyske øyane ligg i regionen Nordfriesland og er ein del av Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark. Stundom vert Helgoland òg rekna som ein del av øygruppa. Øyane er folkesette av frisarar, og frisisk blir framleis tala der.

Stundom inkluderer Dei nordfrisiske øyane òg dei danske Vadehavsøyane på vestkysten av Jylland i Danmark. Dei høyrer til Region Syddanmark.

Dei tyske øyane[endre | endre wikiteksten]

Sylt

Det er fire større øyar og ti småøyar. Dei store øyane er Sylt, Föhr, Amrum og Pellworm. Småøyane vert kalla Halligen. I mellomalderen var det som i dag er halvøya Nordstrand, Pellworm og Halligen ein del av den store øya Strand. Denne øya vart rive sundt av stormfloden Burchardiflaumen i 1634.

Sylt er den største i øygruppa og er om lag 100 km². Ho er forbunde til fastlandet via ein jernbanefylling kalla Hindenburgdamm. Om sommaren er det mange turistar på øya. Den største byen på øya er Westerland. Den nordlege enden av Sylt, Ellenbogen («olbogen») er det nordlegaste punktet i Tyskland.

Samanlikna med Sylt er Föhr ei relativt roleg øy. Ho har eit areal på 82 km². Seksten gamle grender er spreidd rundt på øya, og nokre av desse har eksistert sidan 1200-talet. Den største byen er Wyk på søraust sida. Wyk er ein populær feriestad. Øya har berre båtsamband med fastlandet, og ingen bruer eller vegfyllingar.

Amrum er berre 20 km², men ei populær turistøy. Den vestlege halvdelen av øya har ei 12 km lang og 1 km brei strand. Landsbyane på øya ligg på austsida, der Wittdün er den største av dei.

Pellworm og halvøya Nordstrand er restane av den tidlegare øya Strand. Den største byen på den tidlegare øya var Rungholt, som ein meiner var den største byen i området, men denne sokk i havet under ein storm i 1362, 272 år før ein annan storm øydela sjølve Stand. Pellworm har eit areal på 37 km².

Mindre restar av Strand er ti småøyar kalla Halligen. Husa på desse småøyane er bygd på kunstige åsar. Når det er stormflod stikk berre desse åsane opp av havet, medan resten av øyane er oversvømd. Namna på desse småøyane er Nordmarsch-Langeness, Norderoog, Süderoog, Nordstrandischmoor, Oland, Südfall, Gröde-Appelland, Hooge, Habel og Hamburger Hallig.

Dei danske øyane[endre | endre wikiteksten]

Fanø ligg like utanfor Esbjerg, som ho har ferjesamband med. Dei største byane på Fanø er Nordby og Sønderho. Andre byar er Fanø Vesterhavsbad og Rindby. Øya er 16 km lang og 5 km brei ,og har litt over 3 000 innbyggjarar. Heile vestsida av øya består av sandstrender, og like utanfor nordvestkysten ligg Søren-Jessens-Sand, ein stor sandbanke.

Mandø er ei mindre øy lenger sør, og litt lenger frå fastlandet. Ho er Danmark si einaste Hallig, og er mykje lik dei tyske øyane med dette namnet. Ein dike på Mandø held sjøen borte.

Rømø er den sørlegaste av Vadehavsøyane i Danmark. Tidlegare var øya Jordsand den sørlegaste øya, men ho sokk i havet i 1999. Rømø er forbunde til fastlandet via ein vegfylling, og øya ligg berre 3 km nord for den tyske øya Sylt, som ho har ferjesamband med. Fleire tettstader ligg på øya som Kongsmark, Østerby, Lakolk og Sønderstrand.

Det ligg òg ei lita dansk øy kalla Langli i øygruppa, som ligg i Ho Bugt nord for Esbjerg. Ho er den nordlegaste av øyane og var ein gong ein del av ei halvøy. Langli har eit areal på 8 km² og ved fjøre kan ein nå øya frå fastlandet via ein ebbevej som er 3 km lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

54°55′N 8°20′E / 54.917°N 8.333°E / 54.917; 8.333