Dei palestinske territoria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei palestinske territoria

(norsk: Palestina, palestinsk)


Geografisk plassering av Palestina


Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
6 220 km²
3.5
Folketal
 – Estimert (2014)
 – Tettleik
 
Palestinarar 4 550 000[1][2], busetjarar (2012):564 000[3]
Feil i uttrykket: Uventa operatør  div /km²
Starten på den israelske okkupasjonen
-
1967
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Valuta Jordansk dinara,
egyptisk pundb,
israelsk ny sheqelc
Telefonkode +970d
Toppnivådomene PS, IL


Dei palestinske territoria eller Dei okkuperte palestinske territoria består av Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) og Gazastripa.[4] Etter Osloavtalen i 1993 vart delar av territoria politisk underlagt Dei palestinske sjøvstyresmaktene (Områda A og B). I 2007 braut den Hamasstyrte Gazastripa seg bort frå Dei palestinske sjøvstyresmaktene, og har sidan styrt Gazastripa på eiga hand. Israel har framleis full militærkontroll og, etter Osloavtalen, sivil kontroll over 61% av Vestbreidda (Område C). I april 2011 signerte dei palestinske partane ein avtale om forsoning, men gjennomføringa har sidan stoppa opp.[5] Nye forsøk på ein avtale i 2012 førte heller ikkje fram.

Områda Vestbreidda og Gazastripa var ein del av territoriet vest for Jordanelva i Palestinamandatet under britisk styre, som vart skipa i 1922. Frå den arabisk-israelske krigen i 1948 og fram til seksdagarskrigen i 1967, var Vestbreidda okkupert og annektert av Jordan (annekteringa var berre godkjend av Storbritannia og Pakistan) og Gazastripa okkupert av Egypt, sjølv om det hadde vore avgrensa styresmakt utøvd i Gaza av Den all-palestinske styresmakta frå september 1948 til 1959. Dei juridiske grensene til Dei palestinske territoria vert for tida av pro-palestinske fraksjonar i det internasjonale samfunnet rekna som dei grensene som vart nedfelt i våpenkvileavtalen i 1949,[6] og av Israel til å falle innafor dei israelske grensene.

Sidan Israel overtok territoria Vestbreidda og Gazastripa frå høvsvis Jordan og Egypt i seksdagarskrigen i 1967, og har hatt kontroll over dei sidan, og det internasjonale samfunnet, inkludert SN og internasjonale juridiske organ, har ofte omtalt desse områda som Dei okkuperte palestinske territoria.[7][8][9]

I 1980 annekterte Israel offisielt Aust-Jerusalem. Annekteringa vart fordømd internasjonalt og erklært «ugyldig» av Tryggleiksrådet, medan Israel, som nasjon, reknar heile Jerusalem som hovudstaden sin.[10][11] I 1988, då Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) erklærte at dei ønskte å opprette ein palestinsk stat, avslo Jordan alle territorialkrav på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem.[12] Sidan den palestinske sjølvstendeerklæringa i 1988, har 130 medlemsland anerkjend Staten Palestina, som består av Dei palestinske territoria. Det er ikkje anerkjend av Israel og somme vestlege land, som USA. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart danna etter Osloavtalen i 1993, og fekk avgrensa kontroll over delar av Vestbreidda og Gazastripa.

Dei palestinske sjøvstyresmaktene, Tryggleiksrådet [13] SNs generalforsamling,[14] Den europeiske unionen,[15] Den internasjonale straffedomstolen,[16] og Den internasjonale Raude kross-komiteen[17] reknar Aust-Jerusalem som ein del av Vestbreidda, og derfor ein del av Dei palestinske territoria, medan Israel reknar det som ein del av Israel etter annekteringa i 1980. Dei palestinske sjøvstyresmaktene (som nyleg offisielt endra namn til Staten Palestina, etter at SN anerkjende suvereniteten deira), som opprettheld territorialkravet sitt på Aust-Jerusalem, hadde aldri suverenitet over området. Men den israelske suvereniteten, har ikkje blitt anerkjend av andre land, sidan den einsidige annekteringa av territoriet okkupert under krigen er i strid med den fjerde Genève-konvensjonen.[18][19] Osloavtalen (1995) gav Gaza tilkomst til sjøen innafor 20 nautiske mil ut frå kysten. Berlinforpliktinga i 2002 reduserte dette til 12 nautiske mil. I oktober 2006 innførte Israel ei 6 milsgrense, og då Gazakrigen var over var grensa berre tre nautiske mil. Som følgje av dette vart over 3 000 fiskarar nekta tilkomst til 85 % av den maritime grensa ein var samde om i 1995. Det meste av Daudehavet er utafor stengt for palestinsk bruk, og palestinarar vert nekta tilkomst til kysten.[20]

Då Hamas tok over Gaza vart Dei palestinske territoria politisk delt, og Fatah styrte berre over Vestbreidda, men vert internasjonalt rekna som den offisielle palestinske styresmakta (sjå Fatah-Hamas-konflikta.[5] Både Vestbreidda og Gazastripa vert ofte framleis rekna som okkupert av Israel, i følgje det internasjonale samfunnet.[treng kjelde]. Gazastripa vert styrt av Hamas, medan det meste av Vestbreidda vert styrt av dei Ramallah-baserte palestinske sjøvstyresmaktene. Ein avtale i april 2014 mellom dei to politiske partane om å halde val å inngå eit kompromiss, gjer at dette kan endre seg i framtida.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.pcbs.gov.ps/Portals/_Rainbow/Documents/gover_e.htm
  2. http://www.pcbs.gov.ps/Portals/_pcbs/PressRelease/population_dE.pdf
  3. Israeli Settlements in Palestine—Annual Statistical Report 2012, Table 2, p. 48. Palestinian Central Bureau of Statistics, August 2013
  4. «palestinsk Territories». State.gov. 23. juni 2014. http://www.state.gov/p/nea/ci/pt/. Henta 29. september 2014. 
  5. 5,0 5,1 «''Hamas leader’s Tunisia visit angers Palestinian officials''». English.alarabiya.net. 2012-01-07. http://english.alarabiya.net/articles/2012/01/07/186930.html. Henta 29. september 2014. 
  6. Egypt Israel Armistice Agreement UN Doc S/1264/Corr.1 23. februar 1949
  7. Resolution 446 (1979); 22. mars 1979 (doc.nr. S/RES/446 (1979))
  8. Le More, Anne (2008). International assistance to the Palestinians after Oslo: political guilt, wasted money. Routledge studies on the Arabic Israeli conflict 1. London and New York: Routledge. s. 27. ISBN 978-0-415-45385-1. 
  9. «December Overview» (PDF). UNOCHA. December 2009. http://www.ochaopt.org/documents/ocha_opt_the_humanitarian_monitor_2010_01_18_english.pdf. Henta 29. september 2014. 
  10. De Jerusalen a Ramala(2013) (Henta 29. september 2014)
  11. Barahona, Ana (2013). Bearing Witness - Eight weeks in Palestina. London: Metete. s. 12. ISBN 978-1-908099-02-0. 
  12. Human Rights Watch, 8. juli 2014; Stateless Again – II. International and Jordanian Law
  13. Resolution 446, Resolution 465, Resolution 484, blant fleire
  14. «Applicability of the Geneva Convention relative to the Protection of Civilian Persons in Time of War, of 12. august 1949, to the Occupied Palestinian Territory, including Jerusalem, and the other occupied Arabic territories». Dei sameinte nasjonane. 17. desember 2003. http://domino.un.org/unispal.nsf/97360ee7a29e68a085256df900723485/d6f5d7049734efff85256e1200677754. Henta 29. september 2014. 
  15. «EU-Settlements Watch». 1. februar – 31. juli 2002. http://www.consilium.europa.eu/uedocs/cms_data/docs/2004/12/22/%7B3FA161D9-6DA6-408F-85CE-20D0EC68DDFF%7D.pdf. 
  16. «Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestinian Territory». Den internasjonale straffedomstolen. 9. juli 2004. http://domino.un.org/UNISPAl.NSF/85255e950050831085255e95004fa9c3/3740e39487a5428a85256ecc005e157a. Henta 29. september 2014. 
  17. «Conference of High Contracting Parties to the Fourth Geneva Convention: statement by the International Committee of the Red Cross». Den internasjonale Raude kross-komiteen. 5. desember 2001. http://www.icrc.org/eng/resources/documents/misc/5fldpj.htm. Henta 29. september 2014. 
  18. The Right of Conquest av Sharon Korman
  19. Dugard, John (1987). Recognition and the United Nations. Cambridge: Grotius Publications Limited. s. 111–115. ISBN 0-521-46322-X. 
  20. 'Humanitarian Fact Sheet on the Jordan Valley and the Daudehavet Area,' OCHA, februar 2012.
  21. http://www.jpost.com/Features/In-Thespotlight/Politics-Fatah-Hamas-unity-talks-breed-Likud-harmony-351723

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 31°53′N 35°12′E