Dei pontinske øyane

Koordinatar: 40°53′5″N 13°9′15″E / 40.88472°N 13.15417°E / 40.88472; 13.15417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei pontinske øyane

Dei pontinske øyane er ei øygruppe i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia. Øygruppa er kalla opp etter den største øya i gruppa, Ponza. Dei andre øyane er Ventotene, Palmarola, Zannone, Santo Stefano and Gavi.

Øygruppa er danna av vulkansk aktivitet og har vore busett i tusenvis av år. Av arkeologiske funn er lekamar frå yngre steinalder og reiskapar av obsidian frå bronsealderen. Øya var busett av etruskarar. Den tidlegaste skriftlege kjelda om øya er då romarane sigra over volskarane i 338 f.Kr.. Ei lokal segn fortel at øyane ein gong var det tapte Kongedømet Tyrrhenia som sokk i havet med berre ei smal landstripe til det italienske fastlandet.

Under regjeringstida til Augustus vart folk oppmuntra til å busette seg på øyane og folk kom til Ponza og Ventotene. Romarane nytta desse to øyane som tilfluktsstad og ein stad der politiske motstandarar vart sett i eksil. Om lag to tusen år seinare vart øyane nytta for akkurat det same av fascistregimet.

Dei pontinske øyane vart forlatne i mellomalderen på grunn av stadige plyndringstokt av sarasenarar og sjørøvarar. På 1700-talet koloniserte Kongedømet Napoli øyane på nytt og seinare vart dei ein del av Italia.

I dag gjer små vingardar, ville urter og blomar og avsidesliggande strender og grotter øyane til ein populær turistdestinasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

40°53′5″N 13°9′15″E / 40.88472°N 13.15417°E / 40.88472; 13.15417