Dei russiske luftlandestyrkane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Russisk luftlandemerke

Dei russiske luftlandestyrkane (russisk Vozdusjno-desantnyje vojska, VDV) er ein eigen forsvars- og våpengrein direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland til liks med Dei strategiske rakettstyrkane.

Då desse styrkane var sett opp på 1920-talet, var dette verdas fyrste luftborne styrkar - etter lang tids eksperiment med fallskjermar og verknader av tyngdekrafta. På 1980-talet var VDV òg verdas største med sine sju divisjonar og 12 brigadar, men den gongen underlagd Sovjetunionen. I fredstid er det lett å sjå skilnaden mellom VDV og dei andre i Russland, fordi dei har lyseblå beret og blåstripa T-sjorte (telnjasjka) og blir kalla «desant» (frå fransk decente).[1]

Kvar divisjon har i 2017 berre to manøverregiment og 5-6000 soldatar med lette stormpanservogner og lett artilleri. Styrken til VDV er difor ikkje slagkraft, men operasjonell og strategisk mobilitet knytta til god fallskjermtrening og tilgång til transportfly i Transportflyvåpenet i Russland (VTA). Dette gjer at dei kan deployerast overalt innan rekkjevidde for flya på kort tid. Etter landing vil dei vera avhengige av snøgg link-up med regulære manøverelement eller militær logistikk.

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Luftlande-divisjonar er ei fellesnemning for to typar manøverelement - Fallskjermlande og Stormlande. Ein divisjon som har begge desse elementa vil derfor kallast luftlandedivisjon.

Fallskjermlande-element (russisk: Parasjiotno-desantnyj)
Desse kan landa mesteparten av styrken med fallskjerm, både soldatar og viktig stridsmateriell. Dei er difor ikkje avhengige av flyplass i nærleiken av operasjonsomådet.

Stormlande-element (russisk: Desantno-sjturmovoj)
Desse må landa mesteparten av både soldatar og stridsmateriell på flyplassar i nærleiken av operasjonsområdet.

Divisjonar[endre | endre wikiteksten]

7. stormlande-divisjon (berg) i Novorossijsk[2].
76. stormlande-divisjon i Pskov
98. luftlandedivisjon i Ivanovo
106. luftlandedivisjon i Tula

Brigader[endre | endre wikiteksten]

11. luftlandebrigade i Ulan Ude
83. luftlandebrigade i Ussurijsk
31. stormlandebrigade i Uljanovsk
56. stormlandebrigade i Kamysjin
45. VDV-spetsnaz-brigade i Kubinka

Materiell[endre | endre wikiteksten]

Materiellet innan VDV er lett og spesiallaga for fallskjermsdropp. Stormpanservognane kallast gjerne BMD (russisk: Bojevaja masjina desantnykh) som tyder "stridskjøyretøy for luftlandestryker".

BMD-4 er den mest moderne stormpanservogna innan VDV i 2017
Typisk bombekastar/haubits innan VDV

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Воздушно-десантные войска» Сайт Министерства обороны Российской Федерации
  2. Юрий Гаврилов. (2013-10-09). «Десанту прибавят силы». Российская газета. http://www.rg.ru/2013/10/08/desant-site.html. Henta 2014-03-16.