Antillane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei små antillane)

Antillane er eit fellesnamn for dei karibiske øyane med unntak av Bahamas.

Ein skil mellom Dei store Antillane og Dei små Antillane. Dei store Antillane ligg i nordvest og inkluderer øyane Cuba, Jamaica, Hispaniola (med Haiti og Den dominikanske republikken) og Puerto Rico. Dei små Antillane omfattar resten av øyane i dette arkipelet frå Dei amerikanske Jomfruøyane til Aruba i sørvest.

Frå Puerto Rico til Martinique blir dei kalla Leeward Islands, frå Martinique til Trinidad, Windward Islands.

Antillane er toppen av ei vulkansk fjellkjede, eit framhald av fjella i Sør-Amerika.

Dei store Antillane[endre | endre wikiteksten]

Dei små Antillane[endre | endre wikiteksten]