Dei svarte hestane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei svarte hestane er ein roman skriven av Tarjei Vesaas som kom ut i 1928. Han blei filmatisert i 1951.

Boka blei skriven vinteren 1927-28 medan Vesaas heldt til i München. Ho handlar om den lidenskapeleg hesteinteresserte Ambros Førnes, det vanskelege familielivet hans, og fire travhestar.