Dei ti bodorda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei ti bud)
Moses med steintavlene, måla av José de Ribera

Dei ti bodorda, eller dekalogen av gresk dekalogos, er namn på den lova Moses ifølgje 2. Mosebok, 20. kapittel og 5. Mosebok, 5. kapittel, fekk av Herren på Sinaifjellet.

Bodorda, som Herren ifølgje 5. Mos. 5,22 tala med høg røyst og skreiv ned på to steintavler, skulle vere vilkår for pakta mellom Herren og folket hans. Steintavlene låg i paktkista i det høgheilage rommet i eit telt dei kalla tabernakelet.

Ulike tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Ingen veit korleis bodorda skal ha sett ut på steintavlene, bibelteksten referer orda Moses høyrde på Sinai. I Kyrkja vert formulering og inndeling av bodorda gjort forskjellig. Medan katolske og evangelisk-lutherske kyrkjer bruker inndelinga som er gjeven att ovanfor, følgjer m.a. Den reformerte kyrkja og Adventkyrkja bibelteksten tettare og har eit slikt 2. bod:

Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

Nummereringa av dei følgjande boda vert då forskyve, og det 9. og 10. bodet vert slegne i saman til eitt.

Mange kyrkjesamfunn vil gje att bodorda meir utfyllande. I det fjerde bodordet vil mange ha med lovnaden - så det må gå det godt, og du får leve lengje i landet.

I si litle katekisme har Martin Luther gjeve ei forklåring til bodorda. Denne forklåringa vert brukt i kristendomsundervisninga mange i lutherske kyrkjer.

Tekstgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Dei ti bodorda slik dei er utforma i
katolske og evangelisk-lutherske kyrkjer:[1]

1. Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.






2. Du skal ikkje misbruke Guds namn.

3. Du skal halde kviledagen heilag.






4. Du skal ære far din og mor di.
5. Du skal ikkje slå i hel.
6. Du skal ikkje bryte ekteskapet.
7. Du skal ikkje stele.
8. Du skal ikkje tale usant om nesten din.
9. Du skal ikkje trå etter eigedomen til nesten din.
10. Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din,
eller arbeidsfolka hans eller andre som høyrer til hjå han.

I 2. Mosebok 20. kapitlet les vi:[2]
1) Gud tala alle desse orda:
2) Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
3) Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
4) Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko
som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.
5) Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg,
Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde
slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,
6) men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
7) Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud,
for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
8) Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.
9) Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning.
10) men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid,
korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di,
korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.
11) For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei;
men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
12) Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
13) Du skal ikkje slå i hel.
14) Du skal ikkje bryta ekteskapet.
15) Du skal ikkje stela.
16) Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
17) Du skal ikkje trå etter huset til nesten din.
Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans,
oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibelteksten er henta frå bibelomsetjinga frå 1978, Det norske bibelselskap.