Dei sørlege Karpatane

Koordinatar: 45°30′N 24°15′E / 45.500°N 24.250°E / 45.500; 24.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei transylvanske Alpane)
Dei sørlege Karpatane i Romania

Dei sørlege Karpatane (rumensk Carpaţii Meridionali), òg kalla Dei transilvanske Alpane, er ei fjellkjede mellom sentrale og sørlege område i Romania på eine sida og Serbia på den andre[1] Dei dekkjer delane av Karpatane som ligg mellom elvane Prahova i aust og Timiș og Cerna i vest. I sør grensar dei til Balkanfjella i Serbia.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Vidrarusjøen i Făgărașfjella

Dei sørlege Karpatane er den nest høgaste fjellgruppa i Karpatane etter Tatrafjella med høgder på over 2500 meter over havet. Sjølv om dei er langt lågare enn Alpane er landskapet alpint. Den alpine utsjånaden og at fjella er lett tilgjengeleg har gjort dei til populære turistdestinasjonar.

Dei høgaste toppane er:

Trass i desse høgdene er dei lettaste fjellovergangane i Karpatane i Romania langs elvane som kryssar fjellkjeda (Olt) eller langs dei vide dalane (langs elvane Prahova og Jiu).

Fjellkjeder[endre | endre wikiteksten]

Bucurafjella i Retezatfjella
Bresjøar i Retezatfjella
Landskap i Parângfjella
Piatra Craiului-fjella

Frå aust til vest finn er fjellkjeda delt inn i fire fjellgrupper som er skild frå kvarandre av forskjellige elvedalar.

Dei første to gruppene er brattast på nordsida og dei to siste er brattast på sørsida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Karpatane, arkivert frå originalen 6. april 2010, henta 1. juli 2008 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

45°30′N 24°15′E / 45.500°N 24.250°E / 45.500; 24.250