Dei tre bispedøma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei tre bispedøma i Metz, Toul og Verdun i hertugdømet Lorraine.

Dei tre bispedøma (fransk les Trois-Évêchés) utgjorde ein provins i Frankrike i tida før den franske revolusjonen. Det bestod av fyrstbispedøma Verdun, Metz og Toul i Lorraine-regionen.

Bispedøma var statar i Det tysk-romerske riket fram til dei vart erobra av den franske kongen Henrik II mellom april og juni 1552. Keisar Karl V av Habsburg starta eit felttog mot franskmennene under den italienske krigen 1551–1559 for å ta attende dei okkuperte bispedøma, men mislukkast då han vart slått av franskmennene under hertug Frans av Guise i slaget ved Renty i 1554. Etter keisaren abdiserte i 1556, avslutta etterfylgjaren hans Ferdinand I alle forsøk på å ta attende Dei tre bispedøma. Mot slutten av trettiårskrigen vart dei offisielt gjevne til Frankrike med freden i Westfalen i 1648.

Bispedømet Saint-Dié vart oppretta i 1777 og vert stundom kalla «det fjerde bispedømet i Lorraine», men er ikkje historisk knytt til dei tre bispedøma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]