Dei tre kongedøma i Kina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei tre kongedøma)
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Dei tre kongedøma (tradisjonell kinesisk 三國, forenkla 三国, pinyin Sānguó) er ein periode i kinesisk historie som varte frå rundt 220 til 280.

Dei tre kongedøma i 262 over eit riss av dagens Kina.

Keisarriket Kina var etter at Han-dynastiet fall delt i tre større rike: Wei i nord, Wu i sør, og Shu eller Shu Han i vest. Perioden enda med at Wei først erobra Shu og under Jin-dynastiet også overvann Wu i 280.

Både dei siste åra til Han-dynastiet og tida under dei tre kongedøma var blodig og dramatisk. Medan folketeljingar frå slutten av Han-dynastiet omfatta oppimot 50 millionar innbyggjarar i 9,7 millionar hushald, var tala frå Jin-dynastiet berre ein femtedel av dette – 2,5 millionar hushald med 16 millionar innbyggjarar. Medan tapet i hushald og folketal spegler borgarkrig og uro, viser det også til at svært mange truleg hadde forsvunne frå direkte keisarleg kontroll, og i staden høyrde til mektige familiar.[1]

Dei tre kongedøma har inspirert drama og litteratur i Kina, Japan, Korea og Vietnam. Soga om dei tre kongedøma av Luo Guanzhong og ei rekkje andre historiske romanar, legender, syngespel, filmar og fjernsynsdrama er knytt til perioden.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rafe de Crespigny, «The Three Kingdoms and Western Jin: A history of China in the Third Century AD», Internet edition 2003. Opphavleg publisert i East Asian History [ISSN 1036-6008], pp. 1-36, & no. 2 [December 1991], pp. 143-164.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dei tre kongedøma i Kina
Spire Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.