Dei tre pilene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo som inkluderer dei tre pilene.

Tre piler som peiker nedover mot venstre er eit sosialistisk symbol. Pilene kan vere raude, eller gullfarga om dei står på raud bakgrunn. Somtid er dei omkransa av ein ring som symboliserer einskap i kampen. Dei tre pilene symboliserer då kampen mot kapitalismen, fascismen og reaksjonen. Dei peiker nedover for å symbolisere at desse må nedkjempast, eventuelt at dei byggjer på låge instinkt hos menneska.

Det var den eksilrussiske sosialdemokraten Sergej Tsjakhotin som introduserte dette symbolet i den tyske arbeidarrørsla i 1932, som eit ledd i kampen mot nazismen. Dei tre pilene vart bruka på flagga til det sosialdemokratiske ordensvernet, og måla over hakekrossen på murvegger og liknande.

Symbolet spreidde seg internasjonalt, og alt same året vart det teke i bruk i Austerrike. Etter oppstanden i Wien i 1934 var slått ned, var landet eit fascistisk diktatur. Men dei radikaliserte sosialdemokratane, som no kalla seg Revolusjonære Sosialistar (Revolutionäre Sozialisten), heldt fram kampen i illegaliteten, og bruka dei tre pilene som merke på flygeblad og flagg eller måla på murvegger. Då partiet vart lovleg att etter den sovjetiske frigjeringa i 1945, vart dei tre pilene med ein ring rundt offisielt partisymbol for det som i nokre år framover heitte Det austerrikske sosialistpartiet SPÖ (no Det austerrikske sosialdemokratiske partiet).

I dag blir symbolet mellom anna nytta av ungdomsforbundet til Det amerikanske sosialistpartiet, Young People's Socialist League.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]