Heilage tre kongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei tre vise mennene)
Heilage tre kongar og Herodes. Fransk glasmåleri frå 1400-talet.
Kongane tilber Jesusbarnet. Måleri av Diego Velázquez frå 1619.

Heilage tre kongar er skapte i legendene, ut frå forteljinga i evangeliet etter Matteus, 2. kapitlet, om nokre vismenn frå Austerland som kom for å hylle Jesus.

På 500-talet kjenner vi namna Kaspar — konge av Persia, Melkior — konge av Nubia og Baltasar — konge av Saba. Melkior vart gjerne avbilda med raudbrun hud, Baltasar som svart. Slik vart dei tre kongane sett som eit bilete på at også heidningefolka skulle hylle Frelsaren.

6. januar, eller trettande dag jul, er heilage tre kongars dag. Dagen var heilagdag fram til festdagsreduksjonen i 1771 og vart halde som slenghelg, ein dag då tenarane fekk fri, men kunne gjere lett arbeid for seg sjølve, fram mot moderne tid.

I Den norske kyrkja er feiringa av dagen flytta til Kristi openberrings sundag.

Kongar — eller tre vismenn?[endre | endre wikiteksten]

I evangeliet etter Matteus er dei som nemnt omtalt som «nokre vismenn». Sidan dei fann fram til Jesus ved hjelp av stjernetyding, er det naturleg å tenkje seg at dei var astrologar.

For å markere at dei kom austfrå, har kyrkjekunstnarar ofte framstilt dei med frygiske luer. Dette var hovudplagg til menn, i oldtida brukt av frygarane i Litleasia, sidan overtatt av grekarane og introdusert i Europa. Dei liknar jakobinarlua som vart brukt under den franske revolusjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heilage tre kongar