Deichman bibliotek
| Deichman bibliotek | |||
| | |||
| Org.form | Organisasjonsledd | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 919770775 | ||
| Skipa | 1785 | ||
| Hovudkontor | Deichman Bjørvika, Deichmans hovedbibliotek på Hammersborg | ||
| Land | Noreg | ||
| Nettstad | http://www.deichman.no (norsk) | ||


Deichman bibliotek (Deichmanske bibliotek fram til 2018), med hovudbibliotek i Bjørvika i Oslo, er eit kommunalt folkebibliotek, det største i Noreg. Biblioteket har avdelingar kringom i Oslo.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Biblioteket byggjer på ei testamentarisk gåve frå Carl Deichmann, som levde frå 1705 til 1780. Han testamenterte boksamlinga si på 6 069 band til byen. Dei første biblioteklokala låg i Rådhusgata, og opna for publikum 12. januar 1785.[1]
I 1898 moderniserte Haakon Nyhuus biblioteket etter eit opphald i USA.
Det tidlegare hovudbiblioteket på Hammersborg opna i 1933. Arkitekt for bygget var Nils Reiersen.[1]
Fritt biblioteksystem
[endre | endre wikiteksten]Deichman bibliotek har sia 2014 nytta det frie biblioteksystemet Koha[2] med utvidinga Library Extended (LS.ext). Denne utvidinga er utvikla av og for Deichman bibliotek, og har vore nytta i produksjon sia oktober 2016.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Oslo byleksikon, side 136
- ↑ «Deichmanske bibliotek tar i bruk det frie og åpne biblioteksystemet Koha» (på norsk). Deichmanske bibliotek. 16. januar 2014. Henta 11. februar 2023.
- ↑ Petter Goksøyr Åsen (8. juni 2017). «Home, Welcome to the ls.ext wiki!» (på engelsk). Henta 11. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad

- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
- Deichman bibliotek i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren