Deir Atiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deir Atiah
ديرعطية
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt An-Nabk-distriktet
Nahiyah Deir Atiyah
Høgd 1 250 moh.
Koordinatar 34°05′N 36°46′E / 34.083°N 36.767°E / 34.083; 36.767
Folketal 10 984  (2004)
Kart
Deir Atiyah
34°05′00″N 36°46′00″E / 34.083333333333°N 36.766666666667°E / 34.083333333333; 36.766666666667

Deir Atiah eller Dayr Atiyah (arabisk ديرعطية) er ein by i Syria, som ligg mellom Qalamounfjella og Anti-Libanonfjella, 88 km nord for hovudstaden Damaskus og langs vegen til byen Homs. Dair Atiah hadde i 2004 10 984 innbyggjarar.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]

Dair Atiah har eit moderat klima om sommaren og kalde vintrar, sidan Dair Atiah ligg 1250 meter over havet.

Nærleiken til ørkenområde, der den normale årsnedbøren ikkje overstig 125 mm, gjer at miljøet, inkludert dårleg jordsmonn, ikkje gjev gode nok tilhøve til å økonomisk oppretthalde den lokale folkesetnaden, som anten reiser eller har emigrert.[treng kjelde] Mange innbyggjarar flytta til Amerika tidleg på 1900-talet og til landa kring Persiabukta etter det oppstod høve for arbeid der, i tillegg til det austlege Asia.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Bøndene dyrkar druer, aprikos, kirsebær, fiken og anna frukt.

Dair Atiah nyttar grunnvatnet som ligg i dalen.

Dair Atiah har fleire vindmøller, som vert nytta til å pumpe opp vatn frå djupe brunnar. Opphavet til møllene er ikkje kjend, men har vore i bruk i meir enn hundre år.[3][4]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dair Atiah har eit museum, eit sportssenter og eit kultursenter.

I 2003 vart det første private universitetet i Syria, Universitetet i Kalamoon, opna i Dair Atiyah.

Folket i Dair Atiah drikk ein varm drikk kalla drikken mate, som syriske utlendingar førte inn frå Sør-Amerika. Invitasjonen «Kom og drikk mate» er typisk for gjestfridomen i regionen. Invitasjonen omfattar ikkje berre ein invitasjon til å drikke, men òg til eit måltid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historikarar har identifisert namnet på byen med den romerske kommandøren Theodorus Paulus som har eit namn som tyder «Givande Gud» (arabisk عطاء الله). Dette namnet har blitt assosiert i tankane til etterfølgjande generasjonar i Dair Atiah i meir enn tusen år.[treng kjelde]

Fleire gamle romerske kanalar finst i Yabrud,[5] nær Dair Atiah.

Hovudattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Museet i Dair Atiah er eit av dei største og rikaste i forstadane til Damaskus, Reif Dimashq. Det inneheld kulturarv frå regionen.
  • Det kanoniske museet i Dair Atiah
  • Kulturpalasset i Dair Atiah
  • Landsbyen for særskilde behov
  • Hammam el-Souk el-Tahtanye

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. mars 2013, henta 3. juli 2014 
  2. Suicide blasts stem Assad drive near Lebanon border Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine.. The Daily Star. 2013-11-21.
  3. «Save The Environment: let's build more Air Wheels». DairAtiah Blog. 19. desember 2006. Henta 30. juli 2008. 
  4. «DairAtiah.com» (på arabisk). Henta 23. juni 2014. 
  5. «YabroudOnline.com» (på arabisk). Henta 23. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]