Dejan Stanković

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dejan Stanković i Inter-trøye i 2009

Dejan Stanković (fødd 11. september 1978) er ein serbisk tidlegare fotballspelar frå Beograd. Midtbanespelaren hadde frå 1995 til 2011 stor suksess med klubbar som Raude Stjerne i heimbyen, og med italienske SS Lazio og FC Inter. Mellom anna vann han meisterligaen med Inter, cupvinnarcupen med Lazio og til saman 16 nasjonale cup- og seriemeisterskap i Italia og Jugoslavia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vel 16 år år gammal fekk Stanković sin debut på Raude Stjerne i februar 1995. Dei neste tre åra var han med om å vinne ein jugoslavisk seriemeisterskap og tre pokalfinalar. Sommaren 1998 vart han overført Lazio i Italia, der han mellom anna var med om Cupvinnarcupen 1999 og året etter den italienske Serie A. Då Lazio var nær ved å gå konkurs, var Stanković ein av dei spelarane som klubben let gå i januar 2004, mot ei godtgjerd på 4 millionar euro frå Inter. Åra 2005-11 hadde han eventyrleg suksess med laget frå Milano. Etter å ha vorte italiensk cupmeister i 2005 hadde Stanković ein større del av æra for at det Inter vann fem strake seriemeisterskap i Italia, ytterlegare tre nasjonale cupfinalar. Suksessen toppa seg våren 2010 med trippeltriumf; siger i Coppa Italia, Serie A og i meisterligaen, den siste etter 2-0 over Bayern München i Madrid. I 2012 vart det mykje benkesliting og Stanković la opp mot slutten av året.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Stanković deltok i 103 landskampar for Jugoslavia og Serbia i tida 1998-2013. Han deltok både ved VM 1998, EM 2000, VM 2006 og VM 2010. Gjennom 14 sesongar skåra han 15 landslagsmål. Stanković var lagkaptein i 46 kampar i tida 2005-11. Den siste landskampen kom etter han hadde lagt opp og var eit reint posøroppdrag.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Meisterligaen: 2010 med FC Inter
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1999 med SS Lazio
  • Jugoslavisk seriemeister: 1995 med Raude Stjerne
  • Jugoslavisk cupmeister: 1995, 1996 og 1997 med Raude Stjerne
  • Italiensk seriemeister: 2000 med Lazio; 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010 med Inter
  • Italiensk cupmeister: 2000 og 2004 med Lazio; 2005, 2006, 2010 og 2011 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]