Dekabristopprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dekabristopprøret
Del av Revolusjonane på 1820-talet

Dato 26. desember [g.s. 14. desember] 1825
Stad St. Petersburg
Resultat Styresmaktene vann
Opprørarar drepne eller deporteret
Partar
Den nordlege dekabritsrørska Tsar-Russland
Kommandantar
Sergej Trubetskoj
Jevgenij Obolenskij
Nikita Muravjov
Pjotr Kakhovskij
Nikolaj I av Russland
Mikhail Miloradovitsj  
Styrkar
3000 soldatar 9000 soldatar

Dekabristopprøret (russisk Восстание декабристов, Vosstanije dekabristov) var eit mislykka forsøk på ein palassrevolusjon i Tsar-Russland i 1825, sett i verk av dei russiske gardetroppane og det siste kuppforsøket av denne typen i landets historie. Opprøret fann stad på Petersplassen i St. Petersburg, den dåverande hovudstaden i Russland, den 14.  desember (juliansk)/26. desember (gregoriansk) og kom som ei følgje av protestar mot at Nikolaj I overtok trona etter den eldre broren sin, storfyrste Konstantin Pavlovitsj, som hadde sagt frå seg trona allereie to år tidlegare.

Opprøret skilde seg frå tidlegare tilsvarande opprør ved det store talet deltakarar. Det var om lag 3 000 soldatar på torget framfor senatet, og opprøret slutta med at 1 271 av blei drepne. Dei som deltok i opprøret blei kalla dekabristar, omgrepet kjem av «Dekabristy» (russisk Декабристы), som kan omsetjast til «desembristar».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske adelen søkte utover 1700 og 1800-talet å få tilbake makt frå dei eineveldige monarkane og ønskte større politisk fridom. Utover på 1800-talet lykkast òg den russiske adelen å få framgang på området. Ein fekk mellom anna høve til å arva eigedommar, tidlegare hadde desse berre vorte delt ut av tsaren mot ei forplikting om å tena staten. Saman med eigedommane følgde dei liveigne bøndene som høyrde til den enkelte eigedommen. Til slutt blei adelen òg fritatt frå plikta til å gjera teneste for staten. Etter kvart som avhengnaden av tsaren blei mindre, auka òg kravet om å få ta del i styringa i landet.

Dette kom i første omgang til uttrykk i ei rekke militærkupp, men behovet for å få konstitusjonelle ordningar auka. Det var derfor store voner knytt til Aleksander I då han overtok trona i 1801 etter at faren Paul I var blitt drepen i eit kupp som kom i stand med hjelp frå adelen. Men etter dei opphavlege reformene, fortsette desse berre til ei viss grad fram til 1812, då Aleksander I snudde og skifta standpunkt i korleis riket skulle styrast. Etter krigen mot Napoleon i 1812 ønskte han ei all-europeisk ordning innanfor ein såkalla «heilag allianse».

Opphavet til dekabristane[endre | endre wikiteksten]

Oberst Pavel Ivanovitsj Pestel (1793-1826) var ein del av den sørlege greina av rørsla
Aleksander I

Frelsesunionen blei stifta 1. februar 1816 i St. Petersburg og bestod hovudsakleg av offiserar frå den keisarlege garden, totalt omkring 30 personar som hadde deltatt i krigen mot Napoleon i 1812 og i militæraksjonane dei komande to åra.

Vedtektene til foreininga blei skrivne av Pavel Ivanovitsj Pestel (1793–1826), og var påverka av tidlegare frimurarselskap.

Medlemmene planla militærkupp i samband med skifte av monarkar, og ville innføra konstitusjonelt monarki og avskaffa liveigenskap. Intern usemje førte til at selskapet blei oppløyst hausten 1817, medan i 1818 blei Frelsesunionen omskapt til Framskrittsunionen, eit større hemmeleg selskap som talde over 200 medlemmer.

Rørsla var delt i ei nordleg og ei sørleg grein. Den nordlege delen, som hadde base i St. Petersburg, hadde særleg fokus på ønsket om eit konstitusjonelt monarki etter modell av Storbritannia, medan den sørlege delen, med base i den vesle garnisonsbyen Tulsjyn i Ukraina, var meir radikale og ønskt å avskaffa monarkiet, innføra republikk og gjennomføra ei landreform.[2]

I leiinga i den nordlege delen var det med offiserar i den keisarlege garden, blant dei Nikita Muravjov, prins Sergej Petrovitsj Trubetskoj og prins Jevgenij Obolenskij.[2]

Det vart arbeidd for større politiske reformer, og i 1819 blei mellom anna den liberale Mikhail Speranskij utnemnd til guvernør i Sibir. Året før hadde tsaren òg initiert arbeid med ein ny konstitusjon. Men uro både innanlands og utanfor Det russiske imperiet, som tsar Aleksander meinte kom av liberaliseringa, førte til at dette arbeidet blei reversert.

Opprøret[endre | endre wikiteksten]

Då tsar Aleksander døydde 19. november 1825 (juliansk dato) gjorde den keisarlege garden seg klar til å sverja lojalitet til den antatte etterfølgjaren hans, storhertug Konstantin. Men han kunngjorde då at han allereie to år i forvegen hadde avstått frå arveretten til trona, og Nikolaj I tredde fram som den nye tsaren. Dette sette hovudstaden i ei mellombels forvirring, der nokre allereie hadde svore lojalitet til Konstantin. Dekabrister hadde hemmelege møte med regimentssjefar for å få dei til å ikkje sverja lojalitet til Nikolaj. Desse aktivitetane leidde fram til sjølve opprøret. Mange av dei leiande dekabristane høyrde til det høgaste aristokratiet, og desse valde prins Sergej Petrovitj Trubetskoj som mellombels diktator.

Pjotr Grigorjevitsj Kakhovskij skaut grev Mikhail Miloradovitsj under opprøret

Om morgonen 14. desember 1825 samla ein styrke med 3 000 soldatar og offiserar seg på Petersplassen, der dei nekta å sverja lojalitet til Nikolaj som ny tsar, og staden hevda lojalitet til Konstantin og til grunnlova. Dei fekk likevel ikkje oppslutning frå resten av militære styrkane i St. Petersburg, slik dei hadde rekna med. Opprøret blei vidare hemma av at den antatte leiaren, prins Trubetskoj, svika dei og ikkje kom til Petersplassen. Heller ikkje den nestkommanderande, oberst Bulatov, var til stades. Etter ei hastig rådslagning bestemte dekabristane seg for å utnemna prins Eugene Obolenskij i staden.[3]

Kavaleriangrepet på eit måleri av Vasili Timm

I fleire timar stod dei 3 000 opprørarane mot 9 000 styrkar som var lojale til den nye tsaren utanfor senatsbygningen, der nokre tilfeldige, mållause skot blei avfyrte frå opprørssida. Til stades var òg ei veksande mengde skodelystne sivile, som uttrykte støtte til opprørarane, utan å bli oppfordra slutta seg til dei av opprørsleiarane.[3] Etter kvart dukka òg den nye tsaren Nikolaj personleg opp på plassen, og sende generalguvernøren for St. Petersburg, grev Mikhail Miloradovitsj som var ein krigshelt og var svært respektert blant soldatane, til å forhandla med opprørarane. Medan Miloradovitsj heldt ein liten tale, blei han skoten og dødeleg såra av offiseren Pjotr Grigorjevitsj Kakhovskij. Samtidig tok ein av avdelingane til opprørarane, under leiing av løytnant Nikolaj Panov, seg inn i Vinterpalasset men lykkast ikkje med å overta det, og trekte seg tilbake.

Etter at nesten heile dagen hadde gått med til resultatlause forhandlingar, gav Nikolaj ordre eit kavaleriangrep. Dette mislykkast på grunn av issvullane på staden, og trekte seg noko kaotisk tilbake. Nikolaj var klar over at han var upopulær innan hoffet, og hadde først etter store vanskar kome på trona dagen før. Han ville unngå å forverra situasjonen sin gjennom store valdshendingar, og håpte i det lengste å få ei fredeleg løysing på situasjonen, trass i drapet på Miloradovitj. På ordrane hans gjennomførte kavaleriet fleire gongar «psykiske angrep» på opprørarane, utan resultat.

Mot slutten av dagen gav Nikolaj tre artillerieiningar ordre om å opna eld, med øydeleggande effekt. Opprørssoldatane svarte med geværeld. For å unngå massedrap, braut likevel opprørarane opp og flykta. Det blei gjort nokre forsøk på å regruppera styrken på isen på elva Neva, men desse blei også trefte av artilleriet med store skadar som resultat. Artilleriet braut òg opp isen, og mange av dei døde og dødeleg såra hamna i det kalde vatnet. Etter opprenskingsaksjonar av lojale styrkar og politieiningar blei opprøret slått ned.[4]

På torget og gatene omkring låg det rundt 25 lik. Dei fleste av offera var blitt trampa i hel av folkemassane som hadde flykta i panikk. Dei arresterte blei samla ved Vinterpalasset.

Rettargang[endre | endre wikiteksten]

Dei alvorlegaste lovbrota til opprørarane var drapet på generalguvernør Miloradovitj, og dessutan å forstyrra den allmenne ordenen, noko som hadde ført til at ei rekke menneske var blitt drepne. Domstolsbehandlinga femna likevel svært breitt, der ei rekke personar utan tilknyting til opprøret blei arresterte og dømde. Vidare blei det ved domstolsbehandlinga den kommande sommaren ilagt oppsiktsvekkande strenge straffer.

Peter-Paul festninga i St. Petersburg der dei fem dødsdømte blei hengde i det som blei dei siste offentlege avrettingane i Russland.
Inskripsjonen på monumentet

Dette gav tsar Nikolaj I høve til å visa mildheit, og han reduserte alle straffene. Dødsdommane mot Pestel, Rylejev, Sergej Muravjov-Apostol, Bestuzjev-Rjumin og Katsjovskij blei opprethaldne, men endra frå særs pinefull henging, trekking og kvartering til henging. Avrettingane blei utførte 13. juli 1826 på Peter-Paul festninga i nærvær ein av stor folkemengde. Dette skulle visa seg å bli dei siste offentlege avrettingane i Russland. Ei årsak kan vera at tauet rauk då dei fem skulle hengast, og etter gammal skikk skulle dei då blitt benåda.[5] Det gjekk derfor eit sukk av letting gjennom tilskodarane, men tsar Nikolaj gav ordre om at avrettingane skulle gjennomførast med nye tau.

Resten av dei dømte blei fråtatt titlar, militær grad, eigedommar og forviste til Sibir, Kasakhstan og Det fjerne austen. Mange av eksilantene blei verande i Sibir etter at den idømte eksilperioden var over, og føretrekte den relative store fridommen dei hadde der framfor intrigane og konfliktane i St. Petersburg og Moskva. Mange av dei hadde også i eksilperioden slått seg opp som landseigarar og bønder, og hadde lite å venda tilbake til. Seinare skulle dei bli forbilde for populistrørslene på 1860- og 1870-talet, gjennom reformarbeidet sitt og det sterke arbeidet deira mot slaveriet. Dette blei mykje verdsett av mange av desse forkjemparane i ettertida, blant dei Leo Tolstoj.

Aleksander II blei krona som tsar 14. august 1856 innførte han eit allment amnesti for alle deltakarar i opprøret, noko også fekk verknad for etterkommarane til deltakarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Trigos (2009). The Decembrist Myth in Russian Culture (på engelsk). Springer. s. 153. ISBN 9780230104716. 
  2. 2,0 2,1 Peter Neville: Russia: A Complete History: 120-1, 2003
  3. 3,0 3,1 Edward Crankshaw (1978) The Shadow of the Winter Palace, sidene 14-16, Penguin, London 1978
  4. Edward Crankshaw (1978) The Shadow of the Winter Palace, sidene 13-18, Penguin, London 1978
  5. «Det virket som at det hadde regnet natten i forveien og at tauene hadde krympet», observerte Peter Julicher. Fra: Julicher, Peter. Renegades, Rebels and Rogues Under the Tsars, side 173, McFarland & Company, 2003. ISBN 0-7864-1612-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dekabristopprøret