Dekade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein x-axel med logaritmisk skala som strekkjer seg over over fire dekadar.

Dekade (frå gresk δέκας, dekas, 'tital', via fransk decade) er eit tilhøve på 10[1].

Innan vitskapar som fysikk, astronomi og ingeniørfag er dekade mykje nytta som ein logaritmisk skala: ein dekade svarar til at to verdiar skil seg med ein faktor på (), to dekadar svarar til at verdiane skil seg med ein faktor på (), osb. Å nytta logaritmiske aksar, skalert i dekade (alternativt oktavar eller toerpotensar) gjer det mykje lettare å samanlikna verdiar som varierer over eit stort område.

Tidsepokar[endre | endre wikiteksten]

Når ein i historisk samanheng talar om tiår (ein dekade), hudreår (to dekadar) og tusenår (tre dekadar) nyttar ein i røynda ein slik logaritmisk skala. Di større tidsinterval ein studerer di nyttigare er det å skalera tida i dekadar. I samband med geologiske periodar er dette svært vanleg; ein million år svarar til 6 dekadar, 100 millionar pr svarar til 8 dekadar, osb.

Frekvens[endre | endre wikiteksten]

Frekvensaksen i eit bodediagram, til dømes, er skalert i dekadar. Ein dekade tilsvarar ein tierpotens (), to dekadar tilsvarar to tierpotensar (), osb.[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «dekade» i Nynorskordboka.
  2. F.F. Kuo, Network analysis ans syntesis, John Wiley & Sons., 2. utg., 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]