Deklaratorisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Deklaratorisk betyr det same som fråvikeleg. At ein regel i ei lov er deklaratorisk medfører at den kan fråvikast i avtale mellom partane, eller på grunnlag av sedvane, kutyme eller annan handelsbruk. I kva grad ei lov er deklaratorisk vil normalt vere regulert i ein av dei første paragrafane i lova.

Kontraktsrettslege lover lover utanom forbrukartilhøve vil normalt vere deklaratoriske, då ein føreset at partane her kan ta vare på sine eigne interesser, og fordi lova sine reglar kanskje ikkje passar like godt i alle samanhengar. I somme rettsområde der til dømes interessene til tredjemenn kjem inn, vil dette kunne stille seg annsleis. Eit eksempel på dette er selskapsrett, der reglane i stor grad er preseptoriske (ufråvikelege).

Deklaratoriske rettsreglar kan vere svært praktiske: I den grad partane i ein avtale ikkje har tatt stilling til eit spørsmål som kjem opp, vil den deklaratoriske regelen kome inn, og vil kunne avgjere spørsmålet. Ein deklaratorisk rettsregel utfyller i så måte eit tomt rom i ein avtale, og gjer også at avtalar kan skrivast langt kortare: Partane viser til lova for spørsmål som ikkje er omtalt i avtalen.