Deklinatorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Deklinatorium er eit instrument for avgjere misvising. Instrumentet består av ei magnetnål, deklinasjonsnål, med ei opphenging som kan justerast slik at nåla svingar mest mogeleg torsjonsfritt omkring likevektsstillinga (den magnetiske nord-sør-retninga). Denne retninga vert samanlikna med den sanne nord-sør-retninga som vert fastlagt astronomisk.

Instrumentet vert òg kalla deklinometer, men dette namnet vert helst nytta om eit instrument som er berekna på å registrere korleis deklinasjonen varierer med tida utan å samanlikne med sann nord–sør-retning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]