Køyretøydekorasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dekorerte køyretøy)
Dekorert traktor i snøen i Pakistan.

Køyretøydekorasjon viser til ulike måtar å pynta køyretøy på etter at dei er laga, anten permanent eller for korte høve. Ein kan til dømes dekorera køyretøy for å markera eigarskap eller for å skilja seg ut, som reklame eller for ei markering.[1]

Trikk pynta med blomar til første reis i Sintra.

Nokre vanlege høve ein dekorerer køyretøy til er høgtider og opptog, bryllaup,[2] nasjonaldagar[3][4] og idrettstevlingar.[5] Dekorasjonar kan vera alt frå småting, som påklistra eller opphengd merke og pynt, til ombygging eller måling av køyretøyet. Vanlege dekorasjonar er blomar og kransar,[2] band,[6] flagg,[7] bilde,[8] skrift,[9] klistremerke, balllongar og lys.[3]

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle vogner av tre blei ofte dekorerte. Dei trengde å målast i alle høve, men kunne ha ulike fargar på listverket og ulike mønster eller motiv, som våpenskjoldet til eigaren.[10]

Då fabrikkproduserte motorkøyretøy kom i bruk, byrja ein raskt å byggja dei om og dekorera dei. På 1930/1940-talet blei hot rod eit utbreidd omgrep i USA for modifiserte bilar som ein brukte til å køyra om kapp med. Ei anna form for ombygging var å senka eit køyretøy til å bli ein såkalla lowrider, bygga om ein motorsykkel til ein chopperar eller bygga om ein sykkel til ein lowrider-sykkel. Slike ombygde køyretøy kunne også dekorerast. Tradisjonen spreidde seg til andre delar av verda, og blei til dømes viktig i raggarkulturen i Sverige. Dekorasjon av køyretøy som folkevogner og bussar med sterke fargar og psykedeliske mønster var også ein viktig del av motkulturen på 1960-talet. Seinare er fantasifull dekorasjon av bilar blitt ei eiga art car-rørsle.

Til visse høgtider og opptog er det vanleg å dekorera køyretøy. Dekorerte lasteplan og tilhengjarar er til dømes mykje brukt i karnevalsopptog. I Noreg er dekorasjon av russebussar eller -bilar ein del av russefeiringa.

Visse stadar er dekorerte køyretøy blitt særleg utbreidde innan visse yrkersgrupper. I Sør-Asia finn ein dekorerte lastebilar, rickshawar og liknande, i delar av Sør-Amerika er måla chivabussar vanlege og elles finst det sterkt dekorert kollektivtransport i form av jeepneyar på Filippinane og tap tap-ar på Haiti.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McKenzie, Sheena (5 August 2015). «Pimp my ride: The psychedelic world of Indian truck art» (på engelsk). CNN. Henta 31 July 2017. «For truckers in India, that means a kaleidoscope of colors, slogans, and intricately painted symbols that are as much about bling -- as shrewd business sense. ..."A better looking truck attracts more business," says Shantanu Suman, graphic designer and filmmaker behind 2013 documentary "Horn Please," which explores India's spectacular truck art tradition.» 
  2. 2,0 2,1 «Indian Wedding Car Decoration Ideas that are Fun and Trendy - Blog». Team Weddingz. 17. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 Salim Al Afifi (17. november 2016). «6 Best Ways To Decorate Your Car For Oman National Day». Times Of Oman. 
  4. GEORGIA BOBLEY (21. november 2017). «Here's How You Can Decorate Your Car for National Day in the UAE». POPSUGAR Middle East Love. Arkivert frå originalen 6. februar 2018. Henta 5. februar 2018. ; VM Sathish (2. desember 2016). «UAE National Day: Expats deck up their cars». Khaleej Times. 
  5. «Show your team spirit this fall without damaging your car». Fort Wayne Body Shop. Arkivert frå originalen 6. februar 2018. Henta 5. februar 2018. 
  6. Nathalie (21. mars 2016). «How to make a wedding car bow». Vanilla Chinchilla Ltd. ; «Shop our Giant Bows». The Big Bow Company. Henta 5. februar 2018. 
  7. «The Flag, Suh!». LIFE. 15. oktober 1951. s. 65. 
  8. «Car stickers - vinyl printed stickers». torquecars.com. 
  9. «Vehicle Lettering». Vinyl Lettering Online / Stickers Planet Ltd. Henta 5. februar 2018. 
  10. George Dodd (1843). «Days at the factories: or, The manufacturing industry of Great Britain described». s. 453.