Delfí

Koordinatar: 38°29′N 22°30′E / 38.483°N 22.500°E / 38.483; 22.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delfí
Lokalt namn Δελφοί

Utsyn mot landsbyen Delfí
Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°29′N 22°30′E / 38.483°N 22.500°E / 38.483; 22.500
Areal 1 123,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Fokída
Hovudsete Ámfissa (6 919 innb.)
Demografi
Folketal 26 716 (2011[1])
Folketettleik 23,8 /km²
Teateret, sett ovanfrå.

Delfí (gresk Δελφοί) er ein sentral arkeologisk funnstad i Hellas. I dag er det namnet på ein landsby og ein kommune i periferieininga Fokída i periferien Sentral-Hellas.

I antikken var det staden for det viktigaste orakelet til guden Apollon. Den greske verda følte ærefrykt for Delfí på grunn av ομφαλός (omfalos)-steinen, «verdas navle» og sentrum i universet. I den indre eldstaden (ἑστία, hestia) i tempelet til den delfiske Apollon (Ἀπόλλων Δελφίνιος, Apollon Delfinios) brann ein evig flamme (άσβεστος φλόγα). Etter slaget ved Plaitaia sløkte dei greske byane sine flammar og førte ny eld frå eldstaden til Hellas. I grunnleggingsfortellingane om dei greske koloniane vart kolonistane først vigde ved Delfí.[2] Opphavleg heitte Delfí Pytho, av det greske verbet píthin (= å rotne), på grunn av stanken då slangen Python rotna etter at Apollon hadde drepe henne.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Delfí ligg på eit platå i fjellsida på Parnassós, ved sidan av heilagdomen til Apollon, orakelet. Denne halvsirkulære tilkomsten er kjent som Faedriades og ligg over Pleistos-dalen. Sørvest for Delfí, rundt 15 km borte, ligg hamnebyen Kírra og Korintbukta.

Apollon[endre | endre wikiteksten]

Den kastaliske kjelda.

Namnet Delfí eller Delfoi har samanheng med «hol» (δελφ, delf) eller «livmor» (δελφός, delfós) og kan indikere arkhaisk djup respekt for Gaia, moder jord, ei jordgudinne på staden. Apollon er forbunde med staden med sitt epitet (Δελφίνιος Delfinios), som tyder anten «den i Delfí» eller «den av livmora». Epitetet har samanheng med delfinar («livmorsfiskar») i den homeriske hymnen til Apollon (linje 400) som fortel om korleis Apollon først kom til Delfí i form av ein delfin, og bar kretiske prestar på ryggen.

Ei anna segn seier at Apollon gjekk til Delfí frå nord og stoppa ved Tempe, ein by i Thessalía for å plukke laurbær, ei plante som var heilag for han. Til minne om denne segna fekk vinnarane av dei pythiske leikane ein laurbærkrans plukka i Tempe.

Delfí var staden for eit viktig tempel til Phoebus Apollon i tillegg til dei pythiske leikane og det kjende orakelet. Sjølv i romersk tid fanst hundrevis av votivstatuar slik dei vart skildra av Plinius den yngre og sett av Pausanias. Frasane «kjenn deg sjølv» (γνῶθι σεαυτόν) og «ingenting til overs» (μηδὲν ἄγαν) skal ha vore gravert inn i tempelet, i tillegg til bokstaven E.[3]

Apollon drap den ktoniske slangen Python, og ifølgje nokre kjelder kona til slangen Pythia som levde ved sidan av Den kastaliske kjelda, fordi Python hadde prøvd å valdta Leto medan ho var gravid med Apollon og Artemis. Lika av paret vart drapert rundt vengjestaven hans, kadukeusen som symboliserte guden. Kjelda flaut mot tempelet, men forsvann under jorda og skapte ei kløft som gav frå seg gass som fekk orakelet i Delfí til å gje sine profeti. Apollon drap Python, men måtte straffast for det, sidan Python var son av Gaia. Heilagdomen tileigna til Apollon var truleg opphavleg tileigna Gaia og seinare kanskje til Poseidon.

Erwin Rohde skreiv at Python var ei jordand som vart erobra av Apollon og gravlagd under Omfalos, og at det er eit tilfelle der ein gud sette opp tempelet sitt på grava til ein annan.[4] Eit anna syn er at Apollon var ein nykommar i det greske pantheonet som opphavleg kom frå Lydia. Etruskarane som kom frå det nordlege Anatolia, tilbad òg Apollon. Det kan hende at han opphavleg var identisk med den mesopotamiske Aplu, ein akkadisk tittel som tyder «son», opphavleg gjeve til pestguden Nergal, son av Enlil. Apollon Smintheos (Απόλλων Σμινθεύς), musedreparen[5] utryddar mus, dermed står han for førebyggande medisin. Det er ei vanleg mistyding at orakelet føresåg framtida basert på vatnet og lauv som skalv i trea. Orakelet i Delfí føresåg aldri framtida, men gav tvitydige råd om korleis ureiningar kunne reinsast og notidige katastrofar kunne endast.[6]

Orakelet[endre | endre wikiteksten]

Delfí er kanskje best kjent for orakelet i Delfi|orakelet]] i heilagdomen til Apollon. I dei siste 25 åra av det 700-talet f.Kr. ser vi ei jamn auke i lekamar funne ved busetnaden i Delfí. Keramikk, bronsearbeid og ofringar på tripoden heldt fram i ein jamn straum samanlikna med Olympia. Variasjonen i offerlekamane og nærværet av prestisjefylte offer er ikkje i seg sjølv noko bevis for at Delfí vart søkt av tilbedarar frå eit stort område, men så kostbare ofringar er ikkje funnet i nokre andre heilagdomar på fastlandet, noko som underbygger prestisjen til Delfí som orakel.

Prestinna av orakelet i Delfí var kjent som Pythia.

H.W. Parks skriv at grunnlegginga av Delfí og orakel her fann stad før den nedskrivne historietida, og at opphavet er ukjend.[7]

Orakelet utøvde stor påverknad i den greske verda, og vart konsultert før alle viktige handlingar: Krigar, grunnlegginga av koloniar og så vidare. Ho vart òg respektert av dei halvhellenistiske landa rundt i den greske verda, slik som Lydia, Karia og til og med Egypt.

Skattkammeret[endre | endre wikiteksten]

Skattkammeret til Athen, bygd til minne om sigeren deira i slaget ved Marathon.

Frå inngangen til området, når ein held fram nesten heilt opp til sjølve tempelet, står mange votivstatuar og talrike skattkammer. Desse vart bygt av forskjellige statar, både dei på fastlandet og oversjøiske, for å minnast sigrar og som takk til orakelet for råd som var viktige for dei sigrande. Det mest imponerande er det no restaurerte skattkammeret til Athen, bygt til minne om den athenske sigeren i slaget ved Marathon. Athenarane hadde tidlegare fått råd av orakelet om å stole på sine «tremurar». Themistokles gjetta at tremurane viste til skipa til Athen, noko som sikra siger i det kjende slaget ved Salamis. Eit anna imponerande skattkammer på staden vart gjeven av byen Sífnos, som hadde rike sølv- og gullgruver, og derfor førte opp det sifniske skattkammeret.

Tholos[endre | endre wikiteksten]

Tholos ved heilagdomen til Athene Pronaia

Tholosen ved heilagdomen til Athene Pronaia er ein sirkulær bygning som vart oppført mellom 380 og 360 f.Kr. Han bestod av 20 doriske søyler plassert med ein ytre diameter på 14,76 meter med 10 korintiske søyler i det indre. Tholosen ligg rundt 800 meter frå hovudruinane ved Delfí. Tre av dei doriske søylene har vorte restaurert, noko som gjer han til den mest populære staden i Delfí for turistar til å ta bilete.

Den «delfiske Sibyl»[endre | endre wikiteksten]

Den delfiske Sibyl var ein legendarisk profetisk figur, som skal ha profetert i Delfí kort tid etter trojanarkrigen. Profetia som vert tillagt henne, sirkulerte i nedskrivne samlingar av profetiske utsegn saman med orakla til figurar som Bakis. Sibyl hadde ingen samband til orakelet til Apollon, og må ikkje forvekslast med Pythia.

Dagens Delfí[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen vart delar av Viotía og Fokída busett av arvanittar. Då dei kom til Hellas etter å ha vorte invitert dit av frankiske herskarar i området, bygde dei ein landsby på det fråflytta tempelområdet med marmor frå søyler, bygningar osv som berebjelkar og tak i sine improviserte hus. Arkeologar frå École française d'Athènes lokaliserte staden i 1893 til Delfí i antikken. Arvanittlandsbyen Kastrí vart flytta frå tempelområdet til ein annan stad.

Det moderne Delfí (av og til skrive Delfoi) ligg vest for den arkeologiske funnstaden. Det vert passert av ein stor motorveg mellom Ámfissa og Itéa og Arákhova. Dei to hovudgatene er einvegskjørte og tronge. Delfí har òg ein skole og eit torg (plateia). Samfunna inkluderer Khrissó som i antikken var Krissa. I 2011 hadde landsbyen 854 innbyggjarar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Delfí, no kommunaleininga Delfí

Den noverande kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[8]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 26 716 innbyggjarar, medan kommunaleininga Delfí hadde 1 767 og tettstaden med same namn 854 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Ámfissa Ámfissa 6 919
Itéa Itéa 4 362
Galaxídi Galaxídi 2 011
Desfína Desfína 1 824
Kírra Itéa 1 385
Polýdrosos Parnassós 1 125
Delfí Delfí 854
Khrissó Delfí 735
Graviá Graviá 604
Kastéllia Graviá 523
Athanásios Diákos Kalliís 518
Mavrolithári Kalliís 491

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
  2. Burkert 1985, s. 61, 84.
  3. Hodge, A. Trevor. «The Mystery of Apollo's E at Delphi,» American Journal of Archaeology årgang 85, nr. 1. (Jan., 1981), s. 83-84.
  4. Rohde, Psyche, s.97.
  5. Entry: σμινθεύς at Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon
  6. Burkert 1985:116, section II.8.5 «Oracles»
  7. Herbert William Parke, The Delphic Oracle
  8. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Geologi ved Delfí
Bilete