Delloreen Ennis-London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Delloreen Ennis-London

Delloreen Ennis-London (fødd 5. mars 1975) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg i 100 meter hekk. Ho sikra seg ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i verdsmeisterskapane 2005-09, og ho vann øvinga i panamerika-leikane 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ennis-London hadde stor framgang i 1999, ein sesong ho forbetra sitt personbeste i 100 meter hekk frå 13,27 sekundar til 12,71, og ho kom på sjuandeplassen under VM i Sevilla. Året etter vart ho nummer fire i øvinga på tida 12,80 då OL 2000 fann stad i Sydney. Korkje i 2001 og 2003 kom ho med i den jamaicanske VM-troppa. Under Sommar-OL 2004 glapp finaleplassen med nokre tusendels sekunds margin.

I VM 2005 i Helsinki hadde Ennis-London derimot tusendelane på si side i striden om sølvmedaljen, både ho og bronsevinnaren, landskvinna Brigitte Foster-Hylton, fekk sluttida 12,76. I juli 2007 hadde Ennis-London enno ein gong tusendelane på side, ved dei panamerikanske leikane i Rio de Janeiro hadde ho og Perdita Felicien same tid i finalen, 12,65, gullet fekk Ennis-London. Fem veker seinare presterte Ennis-London sitt livs beste hekkeløp i VM-finalen i Osaka. Han vann då bronsemedaljen på tida 12,50 sekundar, eitt hundredels sekund bak Felicien og fire bak Michelle Perry frå USA.

Etter femteplass på korthekken under Beijing-OL 2008, sprang Ennis-London i 2009 inn til VM-medalje for tredje gong i rad. Med tida 12,55 sekundar vann ho som sist bronsen, marginane opp til sølv og gull var dei same som då i 2007; 0,01 og 0,04 sekund.

VM finalen 2007 i 100 meter hekk. Ennis-London i bane 3

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]