Delphyne Burlet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Delphyne Burlet
Fødd 24. november 1966
Chamonix
Yrke skiskyttar

Delphyne Burlet (fødd 24. november 1966) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Chamonix som vann ein gullmedalje i lagtevlinga og ein sølvmedalje på stafetten under VM i skiskyting 1993. Sidan fekk ho OL-bronse i 1994 og VM-bronse i 1999, også desse med franske stafettlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Burlet vart som best nummer fem på 7,5 km då dei olympiske vinterleikane 1992 fann stad i Albertville i heimlandet. Året etter vart ho under VM 1993 i bulgarske Borovets verdsmeister i lagtevlinga, saman med Nathalie Beausire, Anne Briand og Corinne Niogret. Etter to femteplassar i dei individuelle øvingane, avslutta Burlet med å ta sølv i stafetten over 4 x 7,5 km i lag med Véronique Claudel og førnemnde Niogret og Briand. Dei same fire utøvarane tok bronsemedaljen på stafetten under Vinter-OL 1994Lillehammer.

I 1999-sesongen kom Burlet på femteplassen på 7,5 km då VM i skiskyting vart avvikla i finske Kontiolax. På stafetten vann ho atter ein bronsemedalje. Ho la opp etter OL-sesongen 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar