Delstatar i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Delstatane i USA)
Kart over delstatane som utgjer USA.

USA er ein føderasjon som er sett saman av 50 delstatar. Washington, D.C. er ikkje rekna som ein delstat, men som eit forbundsdistrikt.

Etter amerikansk rett er delstatane suverene einingar, som tyder at makta deira kjem frå folket framfor å vere delegert frå den føderale styresmakta. Føderale lover går framfor delstatlege lover på område der den føderale styresmakta har myndigheit, men den amerikanske grunnlova avgrensar den føderale styresmakta si myndigheit. All makt som ikkje eksplisitt er tildelt føderale myndigheiter i grunnlova, er halde av til delstatane.

Den amerikanske borgarkrigen (1861 til 1865) og høgsterettsdommen «Texas v. White» fastslo at delstatane ikkje har rett til å lausrive seg,[1] og at dei, jamfør grunnlova, ikkje har rett til å bedrive utanrikspolitikk.

Året statane vart oppretta:
  1776–1790    1791–1796
  1803–1819    1820–1837
  1845–1859    1861–1876
  1889–1896    1907–1912
  1959

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Texas v. White, 74 U.S. 700 (1868)» (på engelsk). Justia – U.S. Supreme Court. Henta 19. juni 2023.