Delstatar i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
USA sine delstatar

USA er ein føderasjon av 50 delstatar.

Etter amerikansk rett er delstatane suverene einingar, som tyder at deira makt kjem frå folket framfor å vere delegert frå den føderale styresmakta. Føderale lover går framfor delstatlege lover på område der den føderale styresmakta har myndigheit, men den den amerikanske grunnlova begrensar den føderale styresmakta si myndigheit. All makt som ikkje eksplisitt er tildelt føderale myndigheiter i grunnlova, er førbeheldt delstatane.

Den amerikanske borgarkrigen (1861 til 1865) og høgsterettsdommen «Texas v. White» fastslo at delstatane ikkje har rett til å lausrive seg, og at dei, jamfør grunnlova, ikkje har rett til å bedrive utanrikspolitikk.