Ubåtklassen Delta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Delta-klasse ubåt)
Hopp til navigering Hopp til søk

Delta-klasse ubåt er ei nemning på fire fartøyklasser av ubåtar frå den russiske (og tidlegare sovjetiske) marinen.

Desse strategiske ubåtklassane vart bygde av Sovjetunionen under den kalde krigen. Delta-klassene er i regelen bestykka med ubåtmissil (SLBM), som framleis er russiske andreslagvåpen.

Prosjekt 667B Murena (Delta I)[endre | endre wikiteksten]

Ubåt av Murena-klassen.

Utviklinga av Projekt 667B Murena byrja i 1965, då Sovjetunionen ville ha ein ubåt som kunne avfyre missil utan å passere SOSUS-feltet i Atlanterhavet.

Prosjekt 667BD Murena-M (Delta II)[endre | endre wikiteksten]

Murena-M

Murena-M-klassen var ei vidareutvikling av Murena-klassen. Murena-M bygde på same skrogdesign som Murena, med ein viss skilnad. Mellom anna hadde ein auka lengda på ubåten med 16 meter for å få plass til fire missilrøyr til.

Prosjekt 667BDR Kalmar (Delta III)[endre | endre wikiteksten]

Ein ubåt av Kalmar-klassen.

Kalmar-klassen var eit stort steg fram for den sovjetiske stridsmakta. Dette var den første ubåten som kunne avfyra alla missila på ein gong. Desse missila var òg dei første til å bere meir enn eit stridshovud (MIRV).

Prosjekt 667BDRM Delfin (Delta IV)[endre | endre wikiteksten]

Ubåt frå Delta-IV-klassen som også blir kalla «Prosjekt 667BDRM Delfin».

Delta IV-klasse ubåt er den fjerde og siste av Delta-klassen. Utviklinga starta seint på 1970-talet, og i åra 1985–1992 var sju stykker levert til sovjetmarinen. Denne hadde ei ny type propell med fem blad og kunne fara stillare fram under vassflata.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]