Deltiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei samling av postkort synt på postkortutstillinga PostCardExpo i Moskva 24.-27. januar 2008
Framsida og baksida på det som reknast for å vere det eldste prospektkortet i verda, selt på auksjon i London i 2002 for over 31 000 britiske pund. Kortet har eit One Penny Black frimerke og er poststempla 14. juni 1840.

Deltiologi (frå gresk δελτίον, deltion, diminutiv av δέλτος, deltos, som tyder skriveflate eller brev; og -λογία, -logia) er nemninga for sysematisk samling av postkort (prospektkort), studiet av dei og innhentinga av opplysningar om dei, vanlegvis på hobbybasis.

Ettersom prospektkorta var og vert framstilt av mange ulike produsentar, kan identifikasjonen av stadene som er synt på korta, produksjonstidspunktet og anna vere ei umogleg oppgåve. Difor avgrensar somme deltiologar seg til halde seg til prospektkort utført av ein eller eit fåtal kunstnarar eller fotografar, prospektkort publisert i ein avgrensa tidsperiode eller av ein eller eit fåtal utgjevarar, eller som berre gjeld ein eller eit fåtal geografiske stader eller tema.

Deltiologi og filateli (samling av frimerke og liknande) vert ofte kombinert.