Delvinë
Delvinë | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Vlorë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
183 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
7 598 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Delvinë kommune innafor regionen Vlorë |
Delvinë (gresk Δέλβινο, Délvino, arumensk Délvãn) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Kommunen ligg langt sør i landet og grensar i nordaust til regionen Gjirokastër.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Delvinë vart slått saman med landkommunen Vergo.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Delvinë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 5 754 innbyggjarar, medan dei to kommunane som i dag utgjer storkommunen Delvinë, til saman hadde 7 598 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Delvinë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Delvinë og busetnadene:[2]
- Bamatat
- Vllahat
- Rusan
- Lefterhor
- Kakodhiq
- Sopot
- Stjar
- Vanë
- Blerimas