Hopp til innhald

Demenskoret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demenskoret
Typefjernsynsserie
Sjangerdokumentar
OpphavslandNoreg
Sesongar1
Episodar6
KanalNorsk rikskringkasting

Demenskoret er ein norsk dokumentar- og realityserie som gjekk på NRK i 2023. I serien blir det sett saman eit songkor der alle medlemmane har demens. Serien følgjar koret fram mot målet som er ein konsert på Chat Noir, og forsøker å syne den positive effekten musikk har på personar med demens.[1] Ingrid Gjessing Linhave var programleiar for serien mens Kim Wigaard var dirigent for koret.[2] Serien er basert på BBC-serien Our dementia choir.[3] Etter at serien hadde premiere, blei det starta liknande demenskor fleire stader i Noreg.[4]

Under Gullruten 2023 vann koret publikumsprisen mens serien fekk fagprisen for «beste regi enkamera - reality» ved Linn Høyer-Pedersen og Ragnhild Seierstad.[5][6] Programmet var også nominert i klassen «beste karakterdrevne dokumentarserie», mens Ingrid Gjessing Linhave var nominert i klassen «beste programleder – underholdning» og kormedlem Jan Runar Eliassen i klassen «årets nye deltaker».[7]

Prisar og nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]
UtmerkingKategoriNominert/vinnarResultat
Demensprisen for Oslo 2022[8]——Vann
Gullruten 2023[5][6][7]Beste karakterdrivne dokumentarserie—Nominert
Beste programleiar – underhaldingIngrid Gjessing LinhaveNominert
Årets nye deltakarJan Runar EliassenNominert
PublikumsprisenDemenskoretVann
Beste regi einkamera - realityLinn Høyer-Pedersen og Ragnhild SeierstadVann
Vesleblakken-prisen 2023[9]——Vann
UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2023[10]—Demenskoret, Ingrid Gjessing Linhave og Kim WigaardVann


  1. ↑ «Demenskoret». nrk.no. 8. desember 2022. Henta 1. mai 2023.
  2. ↑ «Demenskorets dirigent: – Jeg har aldri før fått maken til respons». aftenposten.no. 13. januar 2023. Henta 1. mai 2023.
  3. ↑ «Mange etiske vurderinger bak «Demenskoret»: Opplevde dødsfall under innspillingen». journalisten.no. 13. januar 2023. Henta 1. mai 2023.
  4. ↑ «Serien rører nordmenn – nå vil flere starte egne demenskor». nrk.no. 14. januar 2023. Henta 1. mai 2023.
  5. 1 2 «Vinnerne av Gullrutens Fagpriser 2023». rushprint.no. 25. april 2023. Henta 1. mai 2023.
  6. 1 2 «Demenskoret vant Gullrutens publikumspris». nrk.no. 12. mai 2023. Henta 15. mai 2023.
  7. 1 2 «Disse er nominert til «Gullruten 2023»». tv2.no. 17. april 2023. Henta 1. mai 2023.
  8. ↑ «NRKs Demenskor fikk Demensprisen for Oslo 2022». aldringoghelse.no. 21. september 2022. Henta 10. juli 2023.
  9. ↑ «Vesleblakken-pris til Demenskoret». nrk.no. 29. juni 2023. Henta 10. juli 2023.
  10. ↑ «Ny pris til «Demenskoret»». vg.no. 5. juli 2023. Henta 10. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]