Hopp til innhald

Demetrios Poliorketes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demetrios Poliorketes

Statsborgarskapkongeriket Makedonia
Fødd336 f.Kr.
Død

283 f.Kr.
Apamea

Yrkepolitikar
Språkgamalgresk
FarAntigonos I Monofthalmos
MorStratonice
EktefellePtolémaïs, Phila, Eurydice of Athens, Deidamia I of Epirus, Lanassa av Siracusa
PartnarLamia fra Athen, Demo
Demetrios Poliorketes på Commons

Demetrios Poliorketes (337/36–283 f.Kr), var ein konge i Makedonia som levde eit krigersk liv. Namnet Poliorketes er eit tilnamn som tyder «kringsettar av byar», og vart gjeve han under ei kringsetting av Rhodos i 305 f.Kr.

Faren til Demetrios, Antigonos den einauga, var ein av generalane til Aleksander den store, og etter at Aleksander døydde, kjempa Demetrios saman med faren sin for at Aleksanderriket skulle halde fram som ei samla eining. Etter at faren vart drepen i 301, vart Demetrios først ein sjøkonge uten land. I 294 sikra han seg kongemakta i Makedonia, men vart driven vekk i 288, og døydde altså ikkje lenge etter, i 283.

Demetrios hadde han fleire born i ulike ekteskap som han hadde inngått av politiske årsaker. Sonen Antigonos vant att kongemakta i Makedonia i 276. Deretter sat Antigonideætta etter Antigonos den einauga med makta i landet fram til nederlaget mot romarane i 168.