Demilitarisert sone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over den demilitariserte sona mellom Nord- og Sør-Vietnam.
Bilde frå den demilitariserte sona mellom Nord- og Sør-Korea

Demilitarisert sone (engelsk demilitarized zone, DMZ eller DZ) er eit område der ulike statar eller militærmakter er blitt einige om å forby militær aktivitet, personell eller installasjonar. Slike soner kan vera striper eller [[de facto]-grenser som skil stridande partar,[1] eller dei kan vera område erklærte som forskingsområde, som Antarktis og verdsrommet (meir enn 160 km frå jordoverflata).

Kjende døme på demilitariserte soner er området rundt Rhinen som bleo demilitarisert gjennom Versailles-traktaten i 1919 (og re-militarisert av Tyskland i 1936), sonen mellom Nord- og Sør-Korea etter Koreakrigen, og mellom Nord-Vietnam og Sør-Vietnam etter Den første indokinesiske krigen. Det fanst også demilitariserte soner på kvar side av grensa mellom Noreg og Sverige, frå Svinesund i sør til 61°N, etter Unionsoppløysinga i 1905 og fram til 1993, då dei to landa avskaffa henne gjensidig.

Sjølv om mange demilitariserte soner også er nøytrale territorium, finst det også tilfelle der ei sone blir verane demilitarisert sjølv om ein stat får full kontroll over henne. Dette betyr at den normale retten til å ha militære middel i sona er sette ut av kraft. Det finst også fleire døme på at demilitariserte soner har blitt naturreservat, ettersom landet der er for farlig for bygging og mindre utsett for menneskeleg forstyrring.

Døme på demilitariserte soner[endre | endre wikiteksten]

Afrika[endre | endre wikiteksten]

  • Det ligg ei demilitarisert sone mellom det nordlege Marokko og dei spanskkontrollerte byane Ceuta og Melilla. Marokko har aldri anerkjent at byane er del av Spania.

Europa[endre | endre wikiteksten]

  • Den demilitariserte sona på Kypros deler den sjølverklærte tyrkiske republikken Nord-Kypros frå Republikken Kypros. Sona blei oppretta av SN i 1974 etter den tyrkiske invasjonen av Kypros.
  • Åland er ei sjølvstyrt øygruppe på finskekysten. Åland blei ei demilitarisert sone i 1856, ein status som blei bekreftet i 1921 etter ein svensk intervensjon i 1918 i samband med den finske borgarkrigen.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Antarktis[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkel 1 i Den antarktiske traktaten forbyr militær aktivitet på Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Demilitarisert sone», Store norske leksikon, 27. august 2014, henta 6. mars 2017