Hopp til innhald

Demningsamanbrotet i Laos i 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Demningsamanbrotet i Laos i 2018 fann stad då ein demning i vasskraftprosjektet Xe-Pian Xe-Namnoy, som var under konstruksjon i Champasak-fylket i Laos, den 23. juli 2018. Kollapsen førte til utbreidd øydelegging og heimløyse blant innbuarar i naboprovinsen Attapeu. 25. september var 40 menneske erklærte som døde,[1] minst 98 til var sakna (kanskje så mange som 1100 menneske til), og 6600 andre var blitt nøydde til å forlata heimane sine.[2]