Hopp til innhald

Democratic Unionist Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Democratic Unionist Party
LandStorbritannia
Partileiar(ar)Maurice Morrow
GrunnleggjararIan Paisley
Grunnlagt30. september 1971
ForgjengarProtestant Unionist Party
HovudkvarterBelfast
Ideologibritisk unionisme, britisk nasjonalisme, nasjonalkonservatisme, sosialkonservatisme, høgrepopulisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida, sentrum-høgre

Democratic Unionist Party (DUP) er det største unionistiske[1] partiet i Nord-Irland. Det har ingen katolske medlemmer. Det er leidd sidan starten i 1970 av Ian Paisley. Partiet har ei høgre-ekstremistisk historie, og støtta mellom anna Ian Smiths ope rasistiske regime i Rhodesia (no Zimbabwe).

Partiet trekte seg frå forhandlingane som leidde opp til fredsavtalen for Nord-Irland da det republikanske partiet Sinn Féin fekk vere med etter at IRA gjekk til våpenkvile. DUP gjekk mot avtalen i folkerøystinga om han, men han vart godkjend med god margin likevel. Sidan har DUP nekta å sitje i interimstyret for provinsen så lenge Sinn Féin sat der.

DUP har band til grupper nært knytte til unionistiske paramilitære, som har gjennomført drap og terroraksjonar i Nord-Irland. Ein kjend medlem av DUP i North Antrim er ein mann tidlegare dømd for mordet på ein bystyremedlem frå Sinn Féin.

  1. ↑ Unionisme i den nordirske samanhengen er tilhengarar av framleis union med Storbritannia i Det sameinte kongedømmet. Dei blir òg kalla loyalistar fordi dei er loyale mot den britiske monarken. Dei fleste unionistar i Nord-Irland er av historiske grunnar protestantar (presbyterianarar, kalvinistar) religiøst sett, og er etterkommarar etter kolonistar som kom til Irland på 1600-talet og 1700-talet. Dei har dominert Nord-Irland sidan delinga av Irland i 1921.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]