Demokraatit
| Demokraatit | |||
| | |||
| Land | Grønland | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Jens-Frederik Nielsen | ||
| Grunnlagt | 28. november 2002 | ||
| Hovudkvarter | Nuuk | ||
| Ideologi | Gradvis grønlandsk sjølvstende Liberalisme Sosialliberalisme[1] Historisk: Dansk unionisme | ||
| Politisk posisjon | Sentrum[2][3] til sentrum-høgre[4][5] | ||
| Nasjonal tilknytning | Liberal Alliance (2025–)[6] Historisk Radikale Venstre (2012–2025) Det Konservative Folkeparti (2007–2010) | ||
| Farge | Mørkeblå Raud Kvit | ||
Demokraatit (dansk Demokraterne, D) er eit sosialliberalt politisk parti på Grønland. Historisk har partiet vore unionistisk, og Demokraatit har tradisjonelt vore skeptiske til grønlandsk sjølvstende og vidare utviding av sjølvstyret.[7] Dei siste åra har partiet endra standpunkt til å ønskje å bli verande i det danske riksfellesskapet i overskodeleg framtid, med sjølvstende som eit langsiktig mål i ein gradvis prosess som startar med auka sjølvbestemming.[8] To av dei viktigaste prioriteringane i partiprogrammet er å betre utdanningsnivået og bustadsituasjonen.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Demokraatit vart skipa i 2002, og vann fem mandat ved vala same året. Det auka talet på mandat til sju ved valet i 2005, men vart halde utanfor makta av den såkalla «Nordlys-koalisjonen» av Siumut[9], Inuit Ataqatigiit[10] og Atassut[11].[12] Talet på mandat gjekk ned til fire ved valet i 2009; likevel gjekk partiet inn i ei regjeringskoalisjon med Inuit Ataqatigiit og Kattusseqatigiit, noko som for første gong i historia fjerna det tidlegare dominerande partiet Siumut frå makta.[2]
Ved valet i 2013 fekk Demokraatit berre to mandat, men auka til fire ved valet i 2014. I valet i 2018 fekk partiet ytterlegare to mandat. Det gjekk tilbake til tre mandat ved valet i 2021. Partiet fekk sitt beste valresultat ved valet i 2025, då det for første gong vart det største partiet på Grønland.
Demokraatit støttar ein meir gradvis prosess mot sjølvstende frå Danmark enn Naleraq[13], Inuit Ataqatigiit og Siumut, og ønskjer ikkje å arbeide for full sjølvstende før Grønland er økonomisk sjølvberande.[14][15]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nordsieck, Wolfram (2018). «Greenland/Denmark». Arkivert frå originalen 20 April 2021. Henta 27 September 2018.
- 1 2 3 Lansford, Tom, red. (2014). Political Handbook of the World 2014. CQ Press. s. 393.
- ↑ «Greenland gets new government». Associated Press. 5 December 2014. Henta 10 January 2025.
- ↑ Loukacheva, Natalia (2007). The Arctic Promise: Legal and Political Autonomy of Greenland and Nunavut. University of Toronto Press. s. 55.
- ↑ «Greenland election shows divide over rare-earth metals mine». The Independent. 6 April 2021. Arkivert frå originalen 19 January 2024. Henta 7 April 2021.
- ↑ Ritzau. «Liberal Alliance indgår samarbejde med grønlandsk parti». Kristeligt Dagblad (på dansk). Henta 15. mars 2025.
- ↑ Loukacheva (2007). The Arctic Promise. s. 61.
- ↑ «Partiprogram». Demokraatit (på dansk). 7. mars 2018. Henta 12. mars 2025.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Hicks, Jack (9 December 2005). «"Northern lights" coalition a return to normal for Greenland politics». Nunatsiaq News. Arkivert frå originalen 13 January 2021. Henta 25 April 2018.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Lauritzen, Pia. «Greenland Has Spoken: What Trump Doesn't Get About Us». Forbes.
- ↑ «Greenland election won by centre-right party who told Trump 'we are not for sale'». The Independent. March 12, 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Democrats (Greenland)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2026.